Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

torsdag 22. desember 2011

Love actually

Måtte berre sjå denne filmen, heldigvis var den til låns. Dette er verkeleg ei fantastisk ENGELSK suppe, ei med god ettersmak. Julefilmen over alle julefilmar, og kjærleiksfilmen, den beste, som tek meg med storm.

Men, det er berre på film. Filmar som eg grin av brukar ikkje å vere filmar som ein skal bruke som rettesnor i livet, og då må eg få med at eg nok har nokre amerikanske supper blant mine favorittfilmar. Dei er gode desse amerikanarane(og engelskmenn) å spele på kjenslene, og eg bit på, tårkanalane får kjørt seg. Men, det er berre på film. Elles grin eg nesten aldri.

Rettesnor i livet, ja det var pompøst. Eg er ikkje så pompøs eg, i alle fall ikkje til vanlig, men no er det jul, og eg likar jul. Rettesnora er ganske enkel og ganske pompøs: "love is all around us", som i filmen, vi må berre sjå etter den. Den er der i alle slags former.

tirsdag 13. desember 2011

Ferdig til jul?

Kva vil det seie å vere ferdig til jul? Ferdig-ferdig, eller fint ferdig?
Ikkje misforstå, eg er veldig glad i jula eg, og eg er glad i adventstida også. Ikkje er eg spesielt lat, og ikkje er eg som kjerringa som julekvelden kom brått på. Kvifor vert eg då småirritert av å få dette spørsmålet: "Er du ferdig til jul?"

Eg er ALDRI ferdig med noko som helst to veker før, slik er det berre. Å vere ute i god tid, det strider mot min natur. Kvifor er det slik? Kanskje er det slik fordi eg berre fyller opp om eg har tid til overs? Som eit høgtrykk som trekk til seg vindar frå alle kantar, kanskje det er meg?

Tid til overs, kva er forresten det? Når eg tenker på det er det sjeldan eg har tid til overs, eg har egentlig berre tid til bruk. Slik er det, eg har tid til bruk, og den tida er eg egentlig flink til å fylle opp, med både plikter og lyster. Er det nokon som kjenner seg igjen?

Kanskje er det fordi eg er flink til å fylle opp, samtidig som eg ofte er seint ute, (fordi eg er flink til å fylle opp) som gjer meg småfurten? Eller vert eg furten fordi eg er misunnelig på dei som har alt på stell to veker før jul? Det er vel i tilfelle ganske barnslig, å vere irriterte fordi andre prioriterer annleis enn meg. Eg vil jo ikkje vere ho som har jul på hjernen heile desember månad. (...eller vil eg det?)

Dei som kjenner meg veit at eg har mine julegreier, og juletradisjonar er leie å bryte, så om eg gjer det blir eg kanskje litt lei. No har det seg faktisk slik at eg har gjort det nokre gongar, og det har faktisk gått bra. Men, som det høgtrykket eg er...

Faktisk så trur eg at eg alt i alt  er fornøgd med mine eigne prioriteringar, og det er jo det som er viktig, julefrustrert eller ikkje.

Neste gong nokon spør om eg er ferdig til jul skal eg svare: FERDIG, fint ferdig til jul.

torsdag 25. august 2011

Til ungdommen

Nordahl Grieg skreiv «Til ungdommen» i 1936, få år før 2. verdskrig starta. Han, og mange andre, kjende på spenninga i Europa. Adolf Hitler hadde kome til makta i Tyskland, og hadde allerede skrive «Mein Kampf», og Nürnberglovene der jødane vart skilt ut frå resten av folket, vart sett ut i live. Eg trur han ville «vekke opp» ungdommen, ville at dei skulle engasjere seg, kjempe for det dei trudde på, det som dei måtte tru på, det gode i menneska. Han var uroleg for kva som ville kome, men ikkje trur eg at han hadde fantasi nok til å sjå det som kom.

Det er det som er med oss menneske, i alle fall vi som framleis har trua på det gode i menneska, vi har ikkje fantasi nok til å forstå kva som kan komme, ikkje før det har skjedd. Då vi vart utsett for terrorangrepet i Oslo og på Utøya 22. juli forsto vi ikkje at det var muleg, sjølv om det har vorte nokså vanleg med terrorangrep andre stader i verda. Korleis kunne noko slikt skje her i Noreg? Vårt vesle, rolege, velfungerande land, eit land med lite kriminalitet, høg velstand og lite fattigdom. Noreg, kanskje verdas beste land å bu i.

Fantasien min er ikkje like rein lenger, no ser eg oss klarare. Eg er ikkje lenger like overtydd om at det gode er i menneska. Alle snakkar om at vi etter terrorangrepet har vorte varmare, meir omsorgsfulle, meir inkuderande. Ja, kanskje dette er sant, men det er ikkje heile sanninga. Eg ser tydeleg kor mykje hat her er, kor mykje framandfrykt her er, kor lett vi sluker «sanningar» som blir presentert i media, på butikken, over gjerdet, ved middagsbordet. Kor intenst vi ønskjer enkle svar og syndebukkar. Om vi ikkje forstår biletet, så gjer vi biletet forståeleg. Dette er det som gjer meg mest redd.

«Til ungdommen» har vorte viktig for meg, først og fremst fordi det gjev meg kraft til å stå for det eg meiner. Å vere tydeleg og uredd er ein viktig måte å kjempe på.

Kringsatt av fiender,

gå inn i din tid!
Under en blodig storm -
vi deg til strid!

Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.

For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må - men:
øk det og styrk det!

Stilt går granatenes
glidende bånd
Stans deres drift mot død
stans dem med ånd!

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Elsk og berik med drøm
alt stort som var!
Gå mot det ukjente
fravrist det svar.

Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner.
Skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.

Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd
skaper vi fred.

Den som med høyre arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menskenes jord.

Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen!





torsdag 11. august 2011

Hald fast i sommaren

 No med sommaren på hell er det nok mange som ønsker å halde fast i sommaren litt lenger. Det ser ikkje ut som om vi får sommarvarme til å hjelpe oss med det,- mitt tips er MAT. Eg har vore i Hellas i sommar, med barna mine, tantebarna mine + bror og svigerinne. Vi hadde ein kjempefin tur, 2 1/2 veke med øyhopping. Øyene vi besøkte var Pasos, Naxos og Syros. (Reisetips og slikt kan eg kome tilbake til i eit seinare innlegg.

Åltså, hald fast i sommaren ved hjelp av mat, i mitt tilfelle gresk mat. Sjølvsagt er det viktig då at ein bestemmer seg for kva verknad maten skal ha, at ein stiller seg inn i mimremodus. Det kan kanskje vere lurt å ta på seg sommarkleda i same slengen, det er berre å skru opp varmen litt. Kanskje fleire er så heldige som meg og kan sitte ute, med kjøpevarme. Eg har laga ein heil meny her, og den er det jo berre å følgje for dei som vil det, men det viktigaste er å kose seg utover hausten, mimre og minnast sommaren og vere saman.

Til frukost anbefaler eg:
Youghurt naturell med litt flytande honning. Dette fekk vi ofte i Hellas, etter middag på nokre restaurantar. Vi ordna oss ofte frukost og lunsj sjølv i Hellas, og medan dei andre prøvde ut ulike fruktyoughurt, sverga eg til den gode greske youghurten. Her på desse kantar av landet er det ikkje gresk youghurt å få tak i, men matyoughurt fungerer også bra. Naturell inneheld mindre fett. Eg puttar i AXA sin FIREKORN,(sunn i følge test på nett), og banan. Fin start på dagen.

Til lunsj anbefaler eg:
Omelett med skinke/bacon. Skal ein gjere det på den greske måten er det ein heil til kvar person. 2 egg er sikkert nok. Brød er godt til, den lyse greske loffen er deilig men sikkert ikkje så sunn. Grovskive er bra.



Eit anna alternativ her er gresk salat. Det er berre så godt. Til ein person: 1-2 raude og gode tomatar, nokre tynne paprikaskiver, litt raudløk i halvsirklar, agurkbåtar, greske oliven(kalimata) og fetaost. Litt salt, litt oregano er fint, men det ein absolutt ikkje må hoppe over er olivenolje og eddik. Godt brød er viktig her også. Til salaten bør det vere tzatsiki. Det er også veldig enkelt å lage. Eg brukar eit beger med matyoughurt(restar er bra), ein raspa agurk, eit par fedd med kvitløk, salt, pepper, olje, eddik. Husk å sile vekk vatn frå agurken. Nokre siler youghurt naturell gjennom kaffieilter, men det er unødvendig etter at matyoughurten kom. Dei som har tilgang på gresk eller tyrkisk youghurt kan jo bruke det.







Kaffe frappe med is
Etter lunsj ein gong er det gjerne ispause/kaffipause. Her er det fleire forslag:
Is i høge glas



Is var veldig populært, både som kuler i glas, i kjeks, i milkshake, i banansplit og i kaffe frappe med is (min favoritt). Vi har ikkje spart på kaloriane i Hellas, men det spørst om ikkje dette bør vere helgemat. Det som er viktig om ein skal ha i seg alt dette er å servere i fine glas og nyte. Eg har ikkje oppskrifter på dette, men det er enkelt å lage både milksshake og frappe med blender. Til milkshake fyller du opp blenderen med is, litt isbitar, litt melk, (sukker, vaniljesukker), og den smaken ein måtte ønske. Isbitane gjer at det blir tjukkare. Kaffe frappe med is lager ein gjerne med neskaffe(espresso, for den er i pulverform). Eg såg at dei skumma dette opp med vatn, og blender fungerer nok fint. Målet er kvitt skum på toppen. Server med isbitar og vaniljeis. Sukker etter smak.

Banansplit

Vi har ete mykje godt til middag, men eg vil slå eit slag for moussaka. Dette er ein rett som eg helst lagar sjølv, for det var litt ymse det som vart servert. Fekk også nydeleg god moussaka i Hellas. Og her kjem ei skikkeleg oppskrift. 

Du treng: (til stor porsjon, men det tek så pass mykje tid at det berre er å lage mykje så ein får restar, likar restar)
Ildfast form
1 kg Kjøttdeig eller kverna lammekjøt
3 aubergin
2 x tomater på boks
tomatpurè
olje
4 løk
kvitløk
litt kanel(viktig)
andre krydder som: allehånde, nellik, muskat
salt og pepper
tomatpurè
(litt vin?)

Til sausen:
2 beger matyoughurt, 2 egg, 1 pk. fetaost.

Skjær auberginen i skiver på langs. Salte dei godt på begge sider, la dei ligge på kjøkkenhandklede eller kjøkkenpapir i ca 30 min. Då svetter dei ut bitterstoff og fuktighet. Skyll av saltet og la dei tørke godt. (Eg veit dei som berre tørker av saltet, men retten kan bli litt for salt då.)

Steik dei på begge sider i olje. (Dette tek litt tid, dei skal bli mjuke og gyllenbrune).

Dekk forma med aubergin, også oppetter sidene. Kjøttsausen (som har kokt ei stund- blir bedre av det) heller du oppå.

Til slutt saus. Det mest vanlege er kvit saus, men eg brukar ein youghurtsaus, både lettare og bedre. Eg brukar to beger med matyoughurt, og visper inn 2 egg. Så smuldrer eg ein pakke med fetaost over dette.

180 grader i 30-40 min.

Server gjerne med gresk salat og tzatsiki.

Til kveldsmat er det vin eller øl etter leggetid. Gjerne saman med litt greske oliven (kalamati), ei bok eller ein samtalepartnar eller fleire.

God haust.



mandag 8. august 2011

Familien min

At familien er viktig for dei aller fleste er ikkje noko nytt, men eg har likevel lyst å skrive om dette, at familien er viktig. Når alt kjem til alt er det familien som er nærast. Det er familien din som er aller mest glad i deg, som kjenner deg best, på godt og vondt. Sjølvsagt er mange familiar meir eller mindre dysfunksjonelle, og eg trur at alle familiar har sitt, og då spesielt sett utanfrå. Min familie har også sitt, det er klart, men eg er glade i alle saman, set pris på å vere saman, og meir og meir ettersom åra går. Når eg er på Geilo slappar eg totalt av, kanskje for mykje. Der er full servering med felles måltid,(hjelper jo til sjølvsagt), lange kaffistunder, med kake og ein god prat, turar både til sentrum og andre stader, det er berre å dra inn fjellufta i store drag. Når eg er i sentrum er det alltid litt handel, er jo så godt å ha gode konsulentar, og det er berre å velje ulike alt ettersom. I sommar var det Anne Mari og Charlie som hjelpte meg med solbriller, og mamma som var støtte på sportsbutikkane.

Eg er ein av fem søsken, og med partnarar og barn, inkludert mamma og pappa er talet no tjue. Tjue stk. stor og små, i sommar under eit tak på Geilo. Stemninga kan lett bli hektisk med ni barn og elleve vaksne, men for ei fryd. Det var full rulle med ativitetar, leik og mat; hektisk men moro. Søskenbarna har berre så mykje glede av kvarandre, det er kjekt å sjå. Håper at dei får det like kjekt saman framover. Det må det i alle fall leggast til rette for når dei bur så spredt, på vest, sør og austlandet, og kanskje i Göteborg etterkvart.

Vi har allerede snakka om neste stor-treff, kanskje det blir neste sommar i Hokksund, kanskje det blir før. Det er berre å lade opp.

lørdag 6. august 2011

Tankar på fjelltur

Å gå på fjelltur er nyttig for både humør, lår og blogging. Eg har funne ut at det å gå aleine på fjellet ikkje er så verst. I sommar har eg vore på mange fjellturar, dei fleste med kjekt følgje. I dag gjekk eg aleine på Saudehornet, og eg har vore aleine på Melshornet i sommar også. For å vere litt personleg; eg likar ikkje så godt å vere aleine. Det er nok mange som misunner meg aleinetida mi, men sanninga er at eg er raskt på facebook eller aktivt oppsøkande om eg er heilt aleine. Om eg veit at det skjer noko, som i kveld, er eg heilt roleg, men om ikkje eg har planar kan eg bli nokså rastlaus.

I sommar har eg nesten ikkje vore aleine, eg har hatt nesten to veker utan barn, men elles har eg vore tett på barn, slekt og venner. Eg har hatt ein kjempefin sommar.

Men, tilbake til det å vere aleine. Å gå på tur aleine er kjempefint. Tankane får fly, og eg blir ikkje distrahert av verken nyheter eller facebook. Eg er heilt aleine med tankane mine, og det er faktisk ikkje så verst har eg funne ut. I dag har eg begynt å planlegge 40- års dag(det er faktisk greit å bli 40 kjenner eg), og laga gjesteliste i hovudet, eg har lagt framtidsplanar, i alle fall til september,(men nokre lenger fram og; fin haust), eg har mentalt førebudd meg på skulestart, eg har irritert meg over bananskall på Saudehornet, (at folk ikkje kan plukke opp etter seg), eg har i tillegg grunna over det gode i livet, altså kva som gjer livet godt å leve, (og det er ikkje rydding og vasking). Livet er godt å leve, i dag, på Saudehornet, i sommar, framover. Aleine og saman med alle dei eg likar.

mandag 25. juli 2011

Å leve no

Eg kjenner at det er vanskelig å glede seg over det som er godt i livet. Eg får dårlig samvittighet av å le. Statusoppdateringar på facebook som ikkje handlar om dette blir patetisk, og ikkje oppdaterer eg statusen min sjølv fordi ord blir så fattige.

Men, eg ler og gleder meg over det gode i livet, når eg i korte og lenger perioder gløymer det som har skjedd. Når ein vakker solnedgang lyser opp himmelen etter ein fantastisk dag på fjellet, i gode samtalar over ein kaffi eller eit glas vin, når eg får vere saman med ungane mine igjen etter 2v. med faren. Då kjenner eg at livet er godt, at livet er verdifullt. Den beste måten å heidre livet på er å leve det, for dei som kan.

Tankane mine er no mest hos dei som har mista nokon av sine kjære, og hos dei som fekk så altfor korte liv. Eg trur på eit liv etter døden, og at det blir godt.

mandag 18. juli 2011

Kveldstur til Vassdalsskaret


Flott kveldstur til Vassdalen. Fin merka sti, så sjølv om vi ikkje hadde vore der før gjekk det bra. Det er berre å halde seg på stien og ikkje eksperimentere med ulike stiar. Ta same råsa ned som opp. :-)







Sommarlektyre

Å lese bøker er viktig for meg, og til sommaren har det som oftast samla seg ein bunke, og i tillegg ei rekke med titlar som eg kunne ha tenkt meg å lese. Likevel er sommarens leseoppleving ei bok som eigentleg berre dukka opp (fra glemselen) då eg i ferieplanleggingsmodus slentra rundt på Amfi for å handle solkrem, badehandklede og ei pocketbok eller to til turen. Kanskje også fordi den av ulike grunnar har dukka opp i samtalar i det siste.

Den var så tjukk at den kunne halde heile turen, og serien hadde eg lest, så langt den var skriven då, på vidaregåande, eller der omkring. Sidan hadde eg gløymt heile greia, kanskje etter i iver av å lese meir høgverdig litteratur, eller i bokvakumet i den tida eg var småbarnsmor eller ein plass midt i mellom. Den boka eg tok med meg på tur var nemleg skriven i 2002, og er den 5. boka i serien "Jordens barn", skriven av Jean M. Auel. "Klippehulens folk" er på rundt 880 sider, og i Hellas hadde eg jamnt følge av steinalderjenta/dama Ayla, og hennar tilkomne Jondalar.

Gjensynet med Ayla var gledelig, og sjølv om boka kanskje er litt vel lett og kjærleiken kanskje er litt vel vakker, og å "dele gleder" kunne vore henta ut av erotiske noveller i "VI MENN". Handlinga utspeler seg i steinalderen, då menneska levde side om side med Cro Magnon. Her er det konflikter å ta av, og det blir det,  men også mykje steinalderkunnskap som er interessant å grave seg ned i. Jean M. Auel har heller ikkje slurva med å setje seg inn i tida. Ho vert faktisk nytta av universiete, bibiotek og museer over heile USA, som det står bakpå boka.

Ayla og Jondalar blir via på sommarmøtet, og begge er blendande vakre, og dei elskar kvarandre så det gjer vondt. Klisje? Ja, men det er vakkert, og det skjer sikkert i virkligheten også, i alle fall i bøker på ferie i Hellas. Og ein må vel vere ganske hardhjerta for å ikkje hengi seg til slikt iblant.

Spørsmålet no er om eg skal spare siste bok: "De hellige hulers land" til neste sommar, eller om den skal komme øverst i bunken over bøker eg skal lese.

søndag 17. juli 2011

Skageflå, fleire bilder












Skageflå

Eg kan ikkje tenke meg ein betre måte å bruke ein dag på. 

Vi har vore turist i eige fylke, og val av dag vart berre heilt flott. Denne vakre, gode og solrike dagen har Kristin og eg brukt til å gå på tur til fjellgarden Skageflø, og over til Homlomg. Ikkje veit eg vakrare plass, denne turen er i alle fall på topp-tre-lista mi. 

Klokka ringde kl. 6.45, men var oppe lenge før. Kan det ha vore forventningar? Sola hadde i alle fall rukke å lyse opp på kjøkkenet mitt, og det var deilig å ha god tid til morgonkaffien. Ein liten frukost tok eg meg også, sjølv om Kristen informerte meg i går om at ho skulle pakke frukost og niste til begge to. Flott turkamerat? Og så den nista då! Varme rundstykker, ost og kokte egg, tomat og paprika, skinke, alt pakka ned i boksar. Ein boks med kornmo med brunost og Kvikklunsj. (Sei ja om ho vil lage niste til deg!)

Eg plukka opp Kristin på vegen og vi hadde god tid til ferja kl. 8.30. Vi kjørte Strynefjellet fordi det var raskast, men turen om Hellesylt er å anbefale om du har god tid. Vi skulle rekke båt til Skagehola kl. 11.30. På ferja hadde vi deilig frukost, og kjøretur er berre moro i morgonsol med ei god venninne.

Det vart ikkje turistbåt på oss, slik eg hadde trudd, men ein RAB.... Ein rask gummibåt, om eg skal forklare det enkelt. Dei som har vet på slikt må berre kome med innspel. Artig var det i alle fall, vil prøve meir ein anna gong. Nyt Norge! :-)




Turen opp til Skageflø er luftig og vakker. For dei med høgdeskrekk kan det vere litt for luftig. (Ca 250 m rett opp) No var stien kjempeflott laga til, med trappetrinn og rekkverk, men er ein redd så er ein redd. Eg er heldigvis ikkje plaga med slikt, kjenner meg berre fri. Tenker dei kjende seg bra frie dei som budde der oppe for om lag 100 år sidan også, i alle fall når dei drog opp stigen for futen. Å ha barna i tau var nok ikkje like kjekt.








Frå Skageflø gjekk vi i ei blomstereng eit stykke, var berre fullstendig sommalukke, sidan fleire luftige parti. Vi tok oss god tid til å nyte og forevige. 









Neste stopp var Homlongsetra- fantastisk flott. Turen ned til Homlong var fin å gå, og her slappa vi litt av og fyllte på med energi. Gåturen inn att til Geiranger var i grunn berre bonus. Bonus var også eit lite funn på Moods, Chili-sjokolade og kaffi i solveggen av ein original kafè/butikk midt i sentrum. Her fann vi også ei bok som omhandla over 90 fotturar i området. Det vert fleire turar, det er sikkert.











torsdag 16. juni 2011

Lærarferie

Det er no så mange meiningar om lærarar. I alle fall så trur vi det, vi som er det. Vi veit at vi blir omsnakka, både som enkeltpersonar og som gruppe, både generelt og spesielt. På små plassar er det nok meir meiningsutvekslingar enn på større stader. Alle foreldre er jo oppteken av kven som skal være læraren til gulla deira, og eg forstår det godt, eg sjølv inkludert er jo oppteken av at det kjæraste eg har er trygg og fornøgd på skulen. No i desse tider er det mange avslutningsfestar og sermoniar i skule-regi. Vi har nett sagt god sommar til ei flott dame, og farvel til ei anna flott dame som skaper og har skapt trygge omgjevnader for barna våre.

Slike sommarfestar er jo på mange måtar litt slitsame for foreldre(og lærarar). Mange skal avslutte både her og der, og ein skal grille, ha med "mat på fat", samle inn pengar til blomster, kanskje ikkje berre to gongar, men gjerne tre og fire gongar i løpet av nokre hektiske førsommar-dagar. Logistikken skal gå opp, og skal også passast inn med blåtur på jobben og sommarfest i lesegruppa, mi veke og di veke.

MEN, her er ei oppfordring, prøv i alt det hektiske å kjenne på sommarfølelsen. Kjenn på forventninga, spenninga, håpet om dagar med shorts, bikini, is, skulefri. Alle har vi vore barn, og vi  klarer å tenke tilbake til kjensla på sommarfesten, på siste skuledag, på siste skuletime siste skuledag, i det vi ropte GOD SOMMAR. Vi visste at vi hadde åtte deilige veker framfor oss.

Og no over til lærarferien. Det er mange som misunner oss den, og mange endatil forbanner den. Barna har jo fri i åtte veker, men ikkje foreldre flest. Mange slit med å få ferien til å gå opp, det er ikkje få foreldrepar som er heldige om dei klarer å få eit par veker saman fordi dei må strekke ferien for å ha pass til barna, og då har ein gjerne allerede brukt opp både bestefar og tante Lise. Eg føler med dei, men det er ikkje stort eg kan gjere med det. Sjølvsagt kan eg informere om at fire veker er avspasering, men det skaffer ikkje barnevakt.

Noko eg kan gjere og skal gjere er å nyte dette gode frynsegodet som vi har. Eg skal setje pris på det, og eg skal tenke på dei som ikkje kan, som alle skulebarna og lærarane, glede seg som eit barn sjølv til åtte veker med late dagar, sol, sommar og is. Om ikkje dette er einegrunn til å velje læraryrket, er det likevel ein grunn blant mange.

fredag 10. juni 2011

Kle seg ut

Vi har hatt ein strålande dag. I omlag ein månad no har vi gleda oss til å vere med på jentebølgen. Å glede seg, det er viktig, det er kanskje meir enn halve moroa.

For ca to veker sida gjekk jentene i 4A (og mødrene) jentebølgerunda, berre for å øve oss litt og planlegge kostyme. Vi hadde ein fin tur der jentene bobla over av kreative forslag, og så klarte vi å bli enig til slutt også. Det vart ei svart base med rosa innslag;-), svarte duskar til å vifte med, smokk til å suge på og museflette med rosa sløyfer i. Dei vart kjempefine, men kanskje viktigare, dei følte seg kjempefine.

Vi kryssa fingrane for opphaldsvær i dag, og det var ikkje så verst under sjølve løpet, regnet kom etterpå. Då rakk vi akkurat å bli kjempevåte, men det gjorde ingenting for DEI VANN premie. Eg fekk ikkje heilt med meg kva for pris det var, men det var sikkert "den søtaste og mest sjarmerande jentegjengen i Ørsta". Då var det ikkje berre oss mødrene som vart sjarmert.

I går hadde eg tre jenter her for å førebu etterjentebølgenkalas. Dei sette opp meny, vi handla og laga. Dette vart servert til jentene og mødrene i dag: Taco-baguettar m. salat mm, brownies, marengs m. jordbær og krem, og så ein forfriskande punsj.

Medan vi jogga/gjekk løpet var det litt marengs i lufta, berre for å bygge opp forventninga skikkeleg. Det var heilt tydeleg at menyen hadde blitt presentert. Der sprang dei i tau, og vart einige om å gå, stoppe, jogge, gå fortare, gå seinare, litt av ei samarbeidsøving. Jentene klarte seg kjempebra, og mødrene halsa bak.

Inn fra regnet kom jentene til punsj i stettglas og dekka bord. Stemninga var høg rundt bordet, og ingen protesterte då mødrene gjekk opp for å sitje der. Dette vart ikkje leggesegtidleg-kvelden, men det er jo helg.

No vart dette kanskje litt skrytete mammablogg-aktig, og det har jo eg tenkt at bloggen min ikkje skal vere. Men, eg har eit bodskap med alt dette rosenraude. Det er at det er KJEKT Å KLE SEG UT. Er det lange sidan du har kledd deg ut? Er det lenge sidan du har slått ut håret, ledd høgt og drukke punsj av stettglas med jordbær oppi? Mange som er vaksne gløymer kor kjekt det var å kle seg ut og berre ha det moro. Eg hadde musefletter i dag, og berre det var ganske kjekt.

(No finn eg ikkje kabelen til kamera, så det bli ikkje bilde)

tirsdag 17. mai 2011

17. mai

Kl. 7.00. Radioen seier at det har vore ei travel natt, men ikkje for meg- lenge sia eg dreiv med slikt. Det er berre å gni søvnen ut av auga og hive seg i dusjen.

Bunaden passar i år også, bunadskoa verkar som vanleg, men dei går seg til etter kvart som dei får gå, som åra før. Frukost med besta, ståande må vite, med påkledning av barn mellom kaffikoppane. Og kor er skoa? Diskusjon om kor dei sist var i bruk. Med meg? Nei, du hadde dei i konfirmasjonen. Stressande stress, leite og leite. Ja, der var dei. Slips? Nei. Stryke flagget? Nei. Det går bra.. Ispengar med besta. Ja, tusen takk.  10 min. igjen til vi skal møte opp på stadion.

Flott tog med blide barn, flagg, fløyter, rop, russekort. Gratulerer med dagen! Hipp hipp! Vikemarka, Vikemarka, det er vi. Regn, sol, opplett, SOL, REGN. Vi er eit fritt land. Krigar i maaange land. Våre nye landsmenn.

Fy, for eit vær. Eit vers av "Ja, vi elsker", regn, Regn, REGN. Skunde seg til Oldebesten. Kaker i lange baner. Leikar på stadion? Nei, for eit vær, trur vi ventar. Billettar til filmen? Korleis får vi tak i det? Ingen fleire billettar igjen. Ja, ja. Vi får sjå ein film heime. No lettar det. Trur vi tek oss ein tur likevel. Nei, uff det regnar visst framleis. Ingen på stadion, sykkelløp på Velle. Nei, vi kjøper oss ein film og snopar litt. E.T og pop-corn. Koseleg, spennande og trist. Filmgjestar, SÅ KJEKT!

Folketoget, ja. Nei, droppa visst det også, regnar framleis. Nei, eg stikk heim og hiv av meg bunaden, den stramma visst litt likevel. DEILIG å få en av.

Det har UANSETT vore ein flott dag, og den er ikkje over enda. Gratulerer med dagen til alle.

mandag 2. mai 2011

Go with the flow

Har du hatt litt flow i det siste? Flow er i følge Wikipedia ein mental tilstand der ein i ein aktivitet i kjenner at ein har energisk fokus, fullt engasjement og kjensle av suksess. Eg har hatt ein porsjon med flow i dag, det er ein fantastisk følelse. Det beste med flow er at du kan ta den med deg frå ein aktivitet og inn i neste.

I dag har eg fått flow på ein veldig jentete måte, eg har nemlig SHOPPA. Sam-shopping kan eg absolutt anbefale om du vil kjenne litt på denne kjensla. Shopping aleine kan i enkelte tilfelle vere verre enn døden, og då kan ein berre la det vere. Men, shopping i dei rette omgjevnadane, med dei rette sam-shopparane, kan faktisk føre til ein god porsjon med FLOW.

På byrjinga av handlerunda kjende eg ikkje anna enn eit forsiktig håp om eit sommarplagg eller to. Faktisk lot eg lenge fornuften(lommeboka) styre tankane og kjenslene mine, men før eg visste ordet av det var eg i ein heilt annan sinnstilstand. Det eine følgde det andre, og før eg gjekk ut av butikken var det langt fleire enn to plagg i posen. Eg lukka augene og drog gullkortet. Ei lita stund vart eg gripen av panikk, kjende at eg vart litt småkvalm, og for å advare litt, det kan skje men er forbigåande.

Neste fase no, for å halde på flow-en, og det er viktig om du er ute etter ringverknadane, er å overbevise seg sjølv om at ein har gjort det einaste rette. Eg kom fram til at denne handlerunda rett og slett var heilt nødvendig. Det er ikkje ofte ein har så god sam-shopping som den eg hadde i dag. Å handle fleire plagg saman er jo mykje lurare enn å la seg rive med litt her og litt der, og då passar jo ingenting saman. Dessutan har eg no gjort unna ein del, og slepp å pine meg gjennom klesprøving heilt aleine, utan inspirasjon, seinare i sesongen. Om ikkje lenge får eg att på skatten, så pengane har eg jo, strengt tatt. Og er det ikkje viktig å sjå bra ut? Eg fortjener jo det eg som jobbar så mykje, og jammen har eg ikkje eit ekstraoppdrag også. Skulle det røyne på er jo knekkebrød både godt og slankande.

I alle fall, eg kjenner at flow-en er med meg. Eg var faktisk så høg då eg kom heim at eg laga meg ein Pina Colada i staden for å ete ananasen naturell, slik eg elles ville ha gjort. Etterpå skal eg sjå Kongsvik Ungdomsskule, og eg kjenner at eg har mykje energi igjen, og det kjem godt med til rettearbeid ut over kvelden. Kanskje varer flow-en utover i veka, gjennom kurs på Loen, norskmøte på torsdag og teater på fredag. Og i helga er det SOL!

May the FLOW be with you!

søndag 24. april 2011

Når familielivet ikkje styrer påska

Det er mange skilsmissebarn, barn som må takle ein litt omskifteleg kvardag. Det er ei veke her, ei veke der, ein onsdag her, ei helg der, og ein del andre kreative variantar. I tillegg er det søsken, stesøsken, bonussøsken, foreldre, foreldra sine (utskiftbare)kjærestar, besteforeldre, eit par ekstra sett av slike og så bortetter. Korleis barna takler ein slik kvardag er nok litt ymse, men vonleg klarer foreldra å påføre barna sine minst mogleg traumer ved å kanskje ligge litt i forkant og å sjå fallgruvene som kan kome og unngå dei.

Eller, dei aller fleste foreldre, og eg vil påstå foreldre som skal dele på omsorga til dei same barna i to ulike hus, dei slit. Det er mykje som skal hugsast, organiserast, hjelpast med, snakkast om osb., både med barna, den andre vaksne og alt som inngår i skule og fritid, og det er tidsfristar.... Det er nett som det er at det går litt fort i svingane, og noko forsvinn alltid, både av tankar, avtalar, og plagg. Sjølvsagt er det ikkje slik at eg unnskylder oss, men kanskje eg ber litt om forståing. ;-)

Det som kanskje ikkje er like mykje omtalt som barna sin omskiftelege kvardag er foreldra sin kvardag som kan vere minst like omskifteleg. Frå til dømes å følgje opp lekser, barna sine vener, fritidsaktivitetar, lage middag, gå på søndagstur den eine veka, til å, ja rett og slett ikkje ha så mykje fast den andre veka, er ganske så kontrastfyllt. Den eine helga er det pizza, tacos og lørdagsgodt, og den neste er det venner, vin og sang. I feriar er kanskje kontrastane enda større, og for mitt vedkommande har påska eigentleg vore ganske slitsam. Trur ikkje eg treng å gå i detalj, men det har vore mange seine kveldar for å seie det slik.

Det er mange som seier til meg er at eg er heldig som har så mykje tid for meg sjølv, og det er jo riktig, eg er jo heldig som har så mykje tid for meg sjølv, for andre fulltidsforeldre kan det rett og slett høyrast ut som ein draumetanke. Men, er det nokon som ikkje er i same situasjon som forstår at det å vere i sitt eige selskap i timesvis også kan vere ei utfordring? Eg trur heller ikkje mange tenkjer så mykje over i kor stor grad familielivet styrer tida vår. Når ein har så mykje tid som ein skal fylle, så må ein i alle fall ha ein del ulike aktivitetar å fylle den med.

No er det slik at eg har ein del som eg liker å styre med, men å gjere heimen sin om til eit fjernsynskjøkken når det berre er meg sjølv som et er til dømes ein motstridande tanke. Å gå på tur aleine har til no vore ei kneik, men den er forserbar. Å lese bok er kjekt, men det blir fryktelig stille i lengda.

Men, eg har faktisk trua på at min forholdsvis nye situasjon er bra. Eg kan utfordre vanar, tankar og aktivitatar på ein heilt anna måte enn når familielivet styrer. No har eg til dømes kjøpt meg nye ski, og dei har eg planar om å bruke aktivt. Det er mykje positivt som kan skje, om eg ikkje druknar på Norrøna eller råtnar framfor PC-en.

lørdag 16. april 2011

Magic

Eg har det fint no om dagen. No nyt eg verkeleg at det vårast rundt meg. Til og med regnet er lett og mildt. Alt er kjekkare no, det er kjekt å gå på tur, det er kjekt å shoppe, det er kjekt å planlegge. Våren er her, sommaren står for tur. Men, det er eit lite aber, også her. Vinteren har vart i seks lange månader, og alt som ull og dun har pakka inn skal no fram i lyset. Bikinisesongen er berre knappe to månader vekke.

Det er på tide å ta treninga på alvor, det er mykje som skal strammast opp før sydensola skal få komme til. 22. juni ber det til Hellas på meg og ungane, saman med bror, svigerinne og barn. Eg gleder meg skikkelig, det einaste eg er bekymra for er om kroppen blir bikiniklar. :-) Svigerinna mi er stram som berre det, ho trenar kvar dag. Eg har eit mål med tidsramme på to månader.

Eg er nok ikkje aleine, trur det er mange som har liknande prosjekt i desse tider. Målet skal nåast med gåturar, joggeturar, rokkering, sit-ups og zumba(tenkte å kjøpe en dvd). Mange eg snakkar med held på som eg. Er eg påverka av alle prosjekta til dei rundt meg, eller er det berre ein del av det å nærme seg 40? Det kjem i alle fall ikkje av seg sjølv lenger. Trur eg har litt 40-års-krise, eg.

Heldigvis er det mykje hjelp å få i diverse dameblad. Eg får tips i massevis om hudkremar, moter, trening og anna. I det siste bladet eg las var det også tips om kva for vin det var kult å drikke. Dei skal sjå fancy ut i tillegg til å vere gode, og det skal vi og.

Men, i dag har eg plukka opp noko heilt av meg sjølv. Eg har kjøpt ei magisk bukse. Den heiter faktisk MAGIC, og den lover både å halde på plass og stramme inn både rumpe og lår. I tillegg var den billig. No er det berre å håpe på at buksa held det den lovar til eg har fått dreis på det under.

søndag 10. april 2011

Kva om eg var ei av dei?

Sit og les om "TJENESTEPIKENE" i eit nytt magasin, PLOT, som dumpa ned i postkassa mi på fredag. Bra magasin forresten, spørs om eg må abonnere, skal komme ut annakvar månad og her er mange interessante artiklar. Bladet er ei kryssing av Dagbladet sitt Magasinet og Morgenbladet tenker eg, det er på grunn av den siste at eg har fått prøveeksemplar.

Tjenestepikene handlar om surrogati, altså fenomenet å bruke ei anna kvinne si livmor til å bere fram barnet. På mange måtar er det jo ein vinn-vinn-situasjon, både  for dei som ønskjer å verte foreldre og som ikkje får det til, og til surrogatmødrene som får ein pen slump med pengar for å gjere jobben. Då kan dei få sjansen til å gi barna sine utdanning og kanskje bygge på huset sitt. Flott?

Visst det er flott, men kvifor vrir det seg i magen på meg då? At alt kan kjøpast for pengar er ikkje nytt. At vi lever i ei urettferdig verd er ikkje nytt. Kanskje reagerer eg fordi eg som kvinne klarer å leve meg inn i situasjonen til desse fattige kvinnene som på mange måtar ikkje har eit val.

Eg hadde heilt sikkert gjort det same sjølv, eg hadde gjort det som skulle til for at barna mine skulle fått ei betre framtid. Eg hadde lagt meg inn på fertilitetsklinikken og fått implantert eit egg, og eg hadde budd vekke frå familien min så lenge svangerskapet hadde vart for å beskytte meg sjølv i dette viktigaste og mest dyrbare svangerskapet eg hadde hatt!? Klart eg hadde gjort det for familien min, og som takk hadde eg fått 30.000-50.000 norske kroner. Hadde det vore nok til å gi barna mine ei betre framtid? Det barnet eg måtte ha gitt frå meg hadde nok fått det bra, men kva med dei fem andre?  Nei, lagt frå nok, sjølv i India. Dette er uansett ikkje poenget, poenget er at dette i mitt hjarte er eit groteskt utslag av vår urettferdige verd.

søndag 27. mars 2011

Å definere

Eg har nett hatt bursdag. Stjerneteiknet mitt er Fiskane, rett nok siste dagen i perioden, men likevel Fisk. At eg er Fisk har eg hatt slik middels interesse av, eg har lese ei og anna omtale av Fiskane, kjent meg litt igjen, men likevel ikkje. Interessa mi for astrologi er altså midt på treet, eg trur at det er noko i det, men har liksom ikkje løyst noko for meg.

No ein dag kom eg og ein kollega inn på dette med stjerneteikn, og ho meinte at eg er Vær. Då eg kom på at eg var fødd litt for tidleg vart dette stadfesta. Ho kunne litt om Vær sidan ho var det sjølv, men som meg ikkje kjende seg heilt heime i stjerneteiknet sitt.

Det er merkeleg kor godt eg likte å finne ut dette, at eg kanskje er Vær, og at eigenskapane til Væren passa betre til slik som eg kjenner meg. Fisken er i mine auge bra; mild og følsom. At eg er "ein kald fisk" er ikkje like positivt, men om ein er slik det er så. ;-) No har eg altså definert meg som Vær. Når ein definerer fell liksom noko på plass.

Å definere oss sjølve og dei rundt oss er noko som vi gjer heile tida. Det kan vere greit det, men ikkje alltid like positivt. Å definere er konkluderande, vi bestemmer at slik er det. Når vi definerer oss sjølve kan det bety å seie: "slik er eg, lev med det". Når vi definerer andre set vi dei i bås, bestemmer at dei er slik og dei er sånn. Det er stor sjanse for at dette berre er ein del av sanninga.

For nokre år sidan dreiv eg, og andre i min nære krets, med ei tankeretning- "enneagrammet". Tanken bak dette er kort fortalt at det er ni mennesketypar. Vi blir den  vi er både som resultat av miljø og det vi har i oss frå fødselen. Då skal ein altså finne seg sjølv, og i neste omgang utvikle seg sjølv innanfor denne "typen". Det var utruleg moro ein periode, eg las fleire bøker om emnet før eg gjekk lei. Det er positivt med utvikling, men ikkje alltid like positivt å plassere seg sjølv og fokusere på utviklingspotensiale, det kan faktisk vere ganske slitsamt. Når dette i tillegg vart ein selskapsleik der det var om å gjere å definere andre, vart det heile påtrengande.

Då kjem eg tilbake til det å definere andre, noko vi gjer heile tida- eg også. Noko av det verste eg veit er at folk mistrur meg mine gode intensjonar, eller at eg merkar at folk har sett meg i bås. For det stemmer som oftast ikkje. Eg hadde meg ein god samtale med ei venninne i dag, og vi snakka om akkurat dette. Mitt liv er på mange måtar definert av at eg er aleinemor og "singel" annakvar veke, altså med ein del tid på hendene. Ho er mamma på fulltid, og dette styrer hennar liv i stor grad. Då trur eg at ho er oppteken med sitt, medan ho trur at eg kosar meg med aleinetida mi. Det stemmer, men det stemmer ikkje alltid likevel. Konsekvensen var i dette tilfellet at vi i går kveld sat og drakk vin kvar for oss i staden for å drikke vin saman.

lørdag 26. mars 2011

Luksusfellen

Ein ny sesong er i gang, og eg berre elskar å sjå. Eg fråtsar i andre si ulukke, og prisar meg lukkeleg for at eg ikkje er like på trynet.

Dette er meg, som bannlyste Ricky Lake for nokre år sidan, som meinte at dette var sosialpornografi av verste sort. Den første sesongen av Big Brother sjokkerte meg også. Korleis var det mogleg at folk ønskte å vise seg fram på TV på denne måten? Då Temtation Island kom, som det verste av det verste, meinte eg at den umoralse botnen var nådd.

Eg meiner framleis dette, men som nemd tidlegare blir eg ikkje lenger like opprørt. Slik er det sikkert for mange, vi ser, vi meiner,- og så slår vi av TV, eller vi lar det vere.

No ser eg Luksusfellen med ein liten bismak. For det er jo sosialpornografi. Dei stakkars sjelene som har rota det skikkeleg til for seg sjølv får jo hjelp, men må betale med å brette ut privatøkonomien sin på landsdekkande TV.

Eit håp er at dette programmet har oppdragende effekt, slik at fleire let vere å setje seg i eit slikt uføre. Men, det er ikkje lett. Vi er omgitt av luksus på alle hold, og kva som er eit normalt forbruk har endra seg mykje på berre nokre få tiår. Slik dei fleste levde på td. 70-talet, då eg vaks opp, hadde kanskje blitt definert som "fattigdom" no. Fattigdomsgrensa som ein opererer med i Noreg forandrar seg etter kor mykje vi tener. Ein vert rekna som fattig om ein tener under medianinntekta. (Dette er definisjonen i OECD) Ein er altså fattig samanlikna med dei andre.

I min barndomsheim var det to fulle lærarlønner, og etter kvart fem barn. Mange på den tida levde på ei løn, så vi hadde det nok rimeleg bra. Vi hadde det vi trengte, men ikkje så mykje luksus.  Ein vanleg vekemeny var td: fiskepudding, karbonader og speilegg, havregrynsgraut, fiskepinnar, pannekaker, spagetti m.kjøttdeig(berre ein pakke), risengrynsgraut på laurdag, laks, kjøttkakaker, kotelettar på søndag.

Eg er klar over at eg no høyrest ut som ei gammal kjerring, i alle fall veldig vaksen. :-) Men, det er ikkje slik at eg ønskjer at det skal vere slik no. Vi skal kose oss med god mat, og luksusen vi omgir oss med er ikkje noko eg meiner at vi skal ha dårleg samvittigheit for. Det eg vil ha fram er at kva vi ser på som normalt forandrar seg, og då også vanane. Ein del no forstår ikkje at alt ein ser rundt seg og ønskjer seg ikkje nødvendigvis kan bli deira, slik med ein gong. Å leve eit luksusliv i eit luksusland vert for mange ei dyrkjøpt erfaring.

Har eg no skrive meg ut av min elsk for "Luksusfellen". Nei, det er berre så utruleg fascinerande å sjå korleis mange berre brukar og brukar, gøymer bort rekningar i skap og stikk hodet i sanden. Eg synest litt synd på dei, men det er utruleg bra underhaldning

søndag 20. mars 2011

Gratulerer med dagen

Er det lov til å seie at det er bittelittegranne trist å bli 39 år? Nei, eg har ikkje panikk. Eg har i grunn aldri hatt problem med å bli eldre. Å bli 20 var stort, endelig vaksen. Då eg vart 30 følte eg meg vellukka. Eg var i eit avklart forhold- gift og "gjengift" med ei jente på 7 mnd. i eit nytt, gammalt bergenshus, blant mange venner og i ein jobb eg trivdes veldig godt i. Eg var framleis i starten av livet. No er eg 39 år, har to flotte barn, har ei flott leiligheit, og framleis med ein bra jobb. Eg har det bra, har mange venner, er stort sett opptatt heile tida, utviklar meg både her og der. Likevel kjenner eg ei snikande kjensle av tristheit, (dårleg ord, men vemod høyrest litt teit ut). Nei, livet er ikkje over, eg veit at framtida er full av mulegheiter, både når det gjeld jobb, opplevingar og truleg kjærleik også. :-)

40 er jo det nye 30 blir det sagt, men er ikkje det 40- åringar som seier det for å "booste" si eiga sjølvkjensle? Er ikkje det eigentleg ei av dei mange livsløgnene som vi omgir oss med? For frå no går det vel berre nedover? Og er det ikkje patetsik med 40- åringar som trur dei er unge og virile? Som kler seg i trange og moderne tighs, med kroppsnære toppar og små skinnjakker?

Nei, eg veit ikkje om det er 40 eg er redd for, eg trur at eg er redd for å vere 39 + og desperat. Kanskje eg ikkje er det no, men kanskje eg blir det? Skikkelig på hugget, fest både her og der på jakt etter drømmemannen, men korte skjørt og leopard-body og stilettar? Eg trur at 40-årsdagen må feirast på danskebåten i eit slikt kostyme, berre for å peike nase. For det er så mange reglar og så mange feller for damer 39 +, men er menn i alder i ein slik situasjon? Er dei patetiske 40- åringar som vil vere unge lengst mogleg? Nei, dei er har glansdagane framfor seg, og det insisterer eg også på å ha. :-) Eg gleder meg til eg blir 40.

mandag 7. mars 2011

Sterke meiningar og klar tale

Eg er ein person som (stort sett i alle fall) seier det eg meiner. Slik har det vore så lenge eg kan hugse, men kva eg har meint har sjølvsagt forandra seg. Då eg var lita meinte eg det same som mamma og pappa, då eg vart litt eldre meinte eg det stikk motsette av mamma og pappa, og no meiner eg mykje forskjellig, heilt uavhengig (eller nesten) av kva mamma og pappa meiner. Men, akkurat det med mamma og pappa har ikkje så mykje med saka å gjere, jo litt- kjem tilbake til det seinare.

Sidan eg er slik eg er, synest eg at det er veldig godt og avklarande at folk er litt rett fram. Faktisk er det slik at om det er mykje mellom linjene eller rundt grauten, så er det ikkje sikkert at eg mottek bodskapen heller, i alle fall ikkje heilt KLART og TYDELEG. Korleis folk opplever meg er nok så ymse, men eg har forstått at det er ein del som ikkje likar at folk er direkte, ja opptil fleire. :-)

Hittil har tema vore å seie det som det er, men korleis er det eigentleg? For å seie det ein meiner må ein jo meine eit kvart, og kva skal det vere? Eg syntes det var enklare før, då eg såg verda som svart eller kvit. Då meinte eg frykteleg mykje og frykteleg sterkt. Eg kan minnast debattar (les stormar) om ulike tema i klasserom på vidaregåande skule, rundt kjøkenbordet heime, på fest.

No synest eg at det er stadig meir vanskeleg å ta stilling. Kva parti har(mest) rett? Kva meiner eg eigentleg om statskyrkja? Bør verdssamfunnet hjelpe opprørarane i Libya eller ikkje? Og kva med Israel-Palestina- konflikta? Kven er det som er mest idiot? (Eigentleg har eg svaret på det siste, men det er ikkje berre ei side av den saka heller.)

Poenget mitt er at om ein skal vere klok og velovervegd så må ein ikkje konkludere for raskt. Det er eigentleg dette som har plaga meg litt i det siste. Det er mot min natur å ikkje konkludere, men samtidig er det likevel slik det ofte er. Eg trur faktisk at mange har det slik. Eg lir av meiningsvegring, og det likar eg ikkje. (Dei som kjenner meg forstår kanskje ikkje at dette er tilfelle, men slik er det faktisk.) Sjølv om eg meiner ein del framleis, så er eg ikkje like sikker lenger, og det er jo både klokt og fornuftig. Ei sak har jo mange sider, og ein må ikkje konkludere for raskt.

Men, temperaturen forsvinn og engasjementet sloknar om vi berre skal sitje der på kvar vår (bar)-krakk og ikkje ta stilling. Nei, gi meg sterke meiningar. Eg lover at eg skal gi deg mine tilbake. Kanskje må dei justerast etter møtet med deg, men det gjer eg gjerne. (Ja, det spørs sjølvsagt)

Og så var det mamma og pappa. Takk for at eg fekk bryne meg. Om eg ikkje hadde hatt meiningsmotstand hadde det vel kanskje blitt mindre temperatur og mindre engasjement. Men for å ta heile runda- om vi ikkje er heilt på linje alltid, så er det alltid eit tema vi kan meine eit kvart om, og faktisk ganske ofte vere einige om, om vi konkluderer då.

fredag 4. mars 2011

Strawberry Fields Forever



Det er mange som lengtar etter våren no. Ja, heilt sidan nyttår har mange venta på våren- nokre kanskje heilt sidan den første snøen kom - i november? Det har vore ein kald og lang vinter, kjenner eg. Eg kjenner det verkeleg, den mørke tida har tatt på. Men, no held det på å lysne, til sinns i takt med lyset ute. Ja, det er snø ute framleis, men det er ikkje like kaldt. Ja, regn er på mange måtar verre enn snø, men no er i alle fall verandaen min fri for det kvite og kalde. Ja, det er kjekt å gå på ski, men det er enda kjekkare å gå med joggesko på ny-tørr asfalt. Eg kjenner det skikkelig, eg kjenner at eg er blidare, greiare, lettare.

Vårteikna ser eg over alt. Eg ser det i dei nye støvlane mine, og i dei kvite skoa eg såg i eit butikkvindu som eg skal ha- snart. Eg ser det i dei skitne vindauga mine i sollyset. Eg ser det i tulipan-buketten på bordet, og dei fargerike stearinlysa som har kome i staden for dei brune og svarte.

Mest av alt ser eg det i min eigen tenkemåte. Våren vart skikkelig prisa første laurdagen i vinterferien. Då inviterte eg to venninner på jordbær-drinkar med sugerør. Ei av dei sa at ho var litt redd for å ta gleda på forskot, for det er berre februar, og det er slett ikkje sikkert at det ikkje vert frost igjen. Eg trur vi to andre fekk overbevist ho om at gleder på forskot er viktige gleder det også. Då har vi noko å gå på om det vert kaldt igjen.

Apropos tittelen så veit eg at dette ikkje er ein lystig song om evige jordbæråkrar, men så er det no slik at det er ingenting som berre er lystig. Det er i alle fall ein fin song.

lørdag 26. februar 2011

Fy f... så stygg han er


Eg sit her og ser på framsida til Morgenbladet som er via Libya og Muhammar al- Gaddafi. Han har regjert i landet sidan 1969, og no skal han endeleg gå av, ja han skal det. Biletet frå 1969 viser ein filmskodespelar-pen ung mann. I augene ser eg styrke, besluttsomhet, idealisme. Biletet frå 2011 viser biletet av ein stygg, gammal, herja mann. I augene les eg ondskap og staheit. Styrken er der framleis, men idealimen er borte.

Ser han sitt eige fall? Frå å ha elska Libya har han no gått laus på sitt eige folk. Han har opna krig mot demonstrantane som framleis elskar landet sitt, men som no krev demokrati. Muhammar al- Gaddafi har styrt landet med hard hand, han har bestemt, har blitt rik og velståande. Kva med folket? Det har aldri vore for folket han har styrt for, sjølv om det kanskje var intensjonen å skape eit velfungerande samfunn med eit folk i velstand. Folk i Libya er ikkje rike, men sterke nok til å velte diktatoren. Han tok sjølv makta gjennom revolusjon, Kong Idris vart avsett med kupp. No er det folket som på liknande vis prøver å få diktatoren til å gå av.

Eg sit her i stova og heiar. Klart det må bli demokrati i Libya og alle dei andre landa i Midtausten. Likevel veit eg at kva som skjer framover er det ingen som veit. Likevel heiar eg, og eg blir faktisk rørt av å sjå så mange kjempe for landet sitt, med livet som innsats. Kontrasten til Noreg er stor, vi er blasse, uengasjerte, fordomsfulle. Det er lenge sidan vi har kjempa. Dei som styrer vårt land blir i beste fall omtalt positivt samanlikna med det som er verre, i verste fall ignorert. Jens Stoltenberg har til tider fått like mykje merksemd som privatperson som politikar. Kva bryr vi oss eigentleg om?, eg inkludert. Eg også synest at Jens er like sjarmerande som Gaddafi er stygg.

Eg vil avslutte med bestemor mi som introduserte det politiske spelet for meg ein gong på 80-talet: "Eg kan ikkje forstå korleis Kåre Willock kan bli ein god statsminister, han som har så lite hår."

torsdag 24. februar 2011

Kjære Karl Ove Knausgård

Tusen takk for følget så langt. I dag vart eg ferdig med bok nr. 5 av din kamp. Bok nr.6 lar vente på seg, du sit vel no og finpussar på den, eller kanskje verknadane av prosjektet ditt til slutt har stoppa opp prosessen din? Dette vart ein fin overgong til noko eg har tenkt på ein del. Korleis er livet etter at store delar av befolkninga veit nesten alt om deg? Ja, kva som er sant og kva som ikkje er sant veit ikkje eg, men det veit vel ikkje andre heller. Det er no uansett så rart med det, eg synest at eg har blitt kjend med deg, på godt og vondt. Ja, ikkje misforstå, eg har likt å føgje deg, og eg set pris på bekjentskapen. På sett og vis føler eg no at eg kjenner deg betre enn eg kjenner meg sjølv.

Det er eit svært paradoks for meg at ein så privat og sjenert mann, som du synest å vere/har vore, lar alle få vite. Det er jo forskjel på å vere personleg og privat, og det verkar som om du har problem med å vere personleg, men ikkje privat. For meg er det motsett, og heilt sikkert for mange fleire. Men, her er mistanken min, eg trur eigentleg at det ikkje er slik. Eg trur eigentleg at Karl Ove Knausgård er ofra på kunstens alter.

Om det er slik, så takkar eg deg for offeret. Det er herleg befriande med folk som seier det som det er, utan å pynte på og male med pastellfargar og glitterlim. Det er rett nok mange som er ofra på dette alteret som ein del av din kamp, men det måtte vel til. Eg har forresten tenkt at eg er sjeleglad for at eg aldri møtte deg som student i Bergen, trur eg hadde døydd av skam om eg hadde blitt beskrive som ei til dømes uinteressant jente frå Sunnfjord som studerte sosiologi og trudde det var viktig og tungt. Kanskje du hadde sett alle feila mine og tabbane som eg febrilsk prøver å skjule så godt eg kan?

Men, kva med deg Karl Ove? Blir du ikkje paranoid og sjukeleg sjølvsentrert av denne prosessen? No er ikkje eg psykolog, men eg har jo lurt på om eit slikt prosjekt der ein går inn i alle krikar og krokar av fortid og notid er direkte skadeleg. Å ikkje sjå seg tilbake er kanskje strategien til fleire enn meg, og vi lever godt med det. Vel, det er jo ein del som på mange ulike sett driv og rotar i sjelelivet sitt ved hjelp av psykologar, klarsynte, meditasjon eller berre ved hjelp av venneprat. Eg har rett nok fundert ein del på om dette er berre av det gode også, men di sjelegransking er jo for heile verda, nesten i alle fall.

Men, eg vil at du skal vite dette. Sjølv om eg har blitt frykteleg sint, flau, opprørt og frustrert, så har du pirra nysgjerrigheita mi, vist meg nye sider av meg sjølv- spegla i mange av dei personane eg har lese om, deg inkludert. Du framstår som ein heilstøypt mann, rett nok tidvis utan ryggrad, men du angrar i alle fall- det veg ein del opp for meg. Det har vore interessant å følje eit liv, og reflektere over kva det er som formar oss, gjer oss til dei vi er.

No tenkjer du kanskje, om du nokon gong les dette :-), - eg har vel aldri bedt om ein karakteristikk? Men, det gjeld vel fleire. Her er litt til; eg ser at du blir omtalt som pen. Ja, kanskje det, men ikkje søt-pen, meir varg-pen...om du skulle lure.

mandag 14. februar 2011

Flink pike

I dag skal eg på trening, eg skal vere flink. Er det ikkje kjekt å trene då, spør du kanskje? Jo, det er jo det, men det er andre ting som er kjekt også. Eg synest til dømes at det er kjekt å sjå på tv, lese og ha god tid til å drikke kaffi. Det er eit par aviser her eg skulle ha lese, og så er det den boka til Knausgård som ligg og fristar. Når klokka er mange nok kallar pliktene også, og då er det jo noko som eg gjere. Viss eg trener, skal det då gå ut over det eg vil gjere eller det eg må gjere?

Slik driv eg og tenker og vurderer og måler, sjølv om eg er overbevist om at det er kjekt/bra å trene. Eg må nok innrømme at sofaen ofte er meir fristande, og då hender det nok at eg finn på ein del unnskuldingar for å rettferdiggjere vala mine. Men, eg får dårleg samvittigheit likevel . Eg får dårleg samvittigheit om eg trenar for lite, om eg les for lite, om eg kastar bort tida mi på tv og anna,- og det gjer eg ofte. Sulling, det er noko eg er ekspert på.

Ta dagen i går til dømes. Den fine sola ute, nydeleg vær. Kva gjorde eg med det? Ingenting, eg berre sulla rundt her heime. Då er det vel reint og fint her då? Neida, ikkje det heller. Fredagsvasken vart til laurdagsvask som vart til søndagsvask, som kanskje skal bli til mandagsvask. Flink pike? Ja, det skal eg vere i dag. Eg skal henge opp vasken, eg skal vaske golva, eg skal rette prøvebunken, og eg skal trene. Ja, om eg får tid sjølvsagt, for først skal eg drikke kaffi og lese avisa.

fredag 11. februar 2011

Lukke

Lukke, kva er det? Det er noko som vi alle higer etter, som ein usynleg målestokk som vi måler liva våre opp mot. Vi vurderer andre, lurer på om dei er lukkelege, eller om det berre er utanpå at det ser så kjekt og harmonisk ut. Det er mange teoriar på kva lukke er, og kva det er som gjer ein lukkeleg. Likevel er det vel kvar og ein av oss som kjenner meir eller mindre definerte kjensler av lukke.

Eg trur at vi på mange måtar er for opptekne av at vi skal kjenne slike gode kjensler for å definere liva våre som bra, vellukka, interessante, spanande, lukkelege. Kanskje det er i takt med desse krava at mange av oss kjenner at vi ikkje klarer å leve opp til den standaren som vi set for oss sjølve, som vi speglar i dei vellukka liva til dei rundt oss.

Samtidig trur eg at vi på mange måtar er "vår eiga lukkes smed", at vi med måten å tenkje på, dei vala vi tek, rett og slett innstillinga vår til livet i stor grad styrer korleis vi har det. Korleis møter vi dagen? Korleis møter vi dei rundt oss? Let vi oss sjølve få lov til å gjere det vi vil framfor det vi "må" utan å få dårleg samvit?

Ta dagen på sparket, gå på kafè, et den sjokoladen, inviter ein nabo på kveldsmat. I tillegg, legg planar. Eg trur at det er viktig å ha noko å glede seg til, då har vi noko kjekt å sjå fram til. Det verkar i alle fall for meg. No gleder eg meg til eg skal ut i kveld på Rokken med kjekke damer, ete sushi på hotellet i morgon med like kjekke og greie folk, dra til Oslo i vinterferien og besøke ei svært gjestfri svigerinne, og dra til Hellas i sommar med barn og tantebarn, bror og svigerinne. No driv eg og planlegg at eg skal ete ein konfektbit når eg er ferdig med å skrive dette.















Er eg lukkeleg? Det hjelper i alle fall på. :-)