Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

søndag 27. mars 2011

Å definere

Eg har nett hatt bursdag. Stjerneteiknet mitt er Fiskane, rett nok siste dagen i perioden, men likevel Fisk. At eg er Fisk har eg hatt slik middels interesse av, eg har lese ei og anna omtale av Fiskane, kjent meg litt igjen, men likevel ikkje. Interessa mi for astrologi er altså midt på treet, eg trur at det er noko i det, men har liksom ikkje løyst noko for meg.

No ein dag kom eg og ein kollega inn på dette med stjerneteikn, og ho meinte at eg er Vær. Då eg kom på at eg var fødd litt for tidleg vart dette stadfesta. Ho kunne litt om Vær sidan ho var det sjølv, men som meg ikkje kjende seg heilt heime i stjerneteiknet sitt.

Det er merkeleg kor godt eg likte å finne ut dette, at eg kanskje er Vær, og at eigenskapane til Væren passa betre til slik som eg kjenner meg. Fisken er i mine auge bra; mild og følsom. At eg er "ein kald fisk" er ikkje like positivt, men om ein er slik det er så. ;-) No har eg altså definert meg som Vær. Når ein definerer fell liksom noko på plass.

Å definere oss sjølve og dei rundt oss er noko som vi gjer heile tida. Det kan vere greit det, men ikkje alltid like positivt. Å definere er konkluderande, vi bestemmer at slik er det. Når vi definerer oss sjølve kan det bety å seie: "slik er eg, lev med det". Når vi definerer andre set vi dei i bås, bestemmer at dei er slik og dei er sånn. Det er stor sjanse for at dette berre er ein del av sanninga.

For nokre år sidan dreiv eg, og andre i min nære krets, med ei tankeretning- "enneagrammet". Tanken bak dette er kort fortalt at det er ni mennesketypar. Vi blir den  vi er både som resultat av miljø og det vi har i oss frå fødselen. Då skal ein altså finne seg sjølv, og i neste omgang utvikle seg sjølv innanfor denne "typen". Det var utruleg moro ein periode, eg las fleire bøker om emnet før eg gjekk lei. Det er positivt med utvikling, men ikkje alltid like positivt å plassere seg sjølv og fokusere på utviklingspotensiale, det kan faktisk vere ganske slitsamt. Når dette i tillegg vart ein selskapsleik der det var om å gjere å definere andre, vart det heile påtrengande.

Då kjem eg tilbake til det å definere andre, noko vi gjer heile tida- eg også. Noko av det verste eg veit er at folk mistrur meg mine gode intensjonar, eller at eg merkar at folk har sett meg i bås. For det stemmer som oftast ikkje. Eg hadde meg ein god samtale med ei venninne i dag, og vi snakka om akkurat dette. Mitt liv er på mange måtar definert av at eg er aleinemor og "singel" annakvar veke, altså med ein del tid på hendene. Ho er mamma på fulltid, og dette styrer hennar liv i stor grad. Då trur eg at ho er oppteken med sitt, medan ho trur at eg kosar meg med aleinetida mi. Det stemmer, men det stemmer ikkje alltid likevel. Konsekvensen var i dette tilfellet at vi i går kveld sat og drakk vin kvar for oss i staden for å drikke vin saman.

5 kommentarer:

  1. Så kjekt med blogg, Kari!

    Dette med astrologi har opptatt meg også tidligere. Nå bryr jeg meg ikke lenger, og det er i grunnen veldig behagelig! Det er den alderen, den spiller på lag!

    SvarSlett
  2. Hei! Interessant innlegg. Eg har nok vore med på denne enneagramleiken med å definere andre, deriblant deg. Forstår godt at det ikkje er noko særleg. Det er lett å bli blenda av ein tankemodell og tru at han er meir gyldig enn alle andre modellar. Så går det eit par år og ein har funne ein ny "allmenngyldig" modell ...

    Magne

    SvarSlett
  3. :-)
    Eg var no like ille sjølv. Sunn fornuft er det beste.

    SvarSlett
  4. Hei Kari!

    Eg har definert deg som ei kjekk og likandes dame, ein god og arbeidsam kollega med bein i nasa:-)

    Wivi

    SvarSlett
  5. Viktig å ikke sette hverandre i bås ja, Kari. Bra innlegg :)

    SvarSlett