Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

lørdag 16. april 2011

Magic

Eg har det fint no om dagen. No nyt eg verkeleg at det vårast rundt meg. Til og med regnet er lett og mildt. Alt er kjekkare no, det er kjekt å gå på tur, det er kjekt å shoppe, det er kjekt å planlegge. Våren er her, sommaren står for tur. Men, det er eit lite aber, også her. Vinteren har vart i seks lange månader, og alt som ull og dun har pakka inn skal no fram i lyset. Bikinisesongen er berre knappe to månader vekke.

Det er på tide å ta treninga på alvor, det er mykje som skal strammast opp før sydensola skal få komme til. 22. juni ber det til Hellas på meg og ungane, saman med bror, svigerinne og barn. Eg gleder meg skikkelig, det einaste eg er bekymra for er om kroppen blir bikiniklar. :-) Svigerinna mi er stram som berre det, ho trenar kvar dag. Eg har eit mål med tidsramme på to månader.

Eg er nok ikkje aleine, trur det er mange som har liknande prosjekt i desse tider. Målet skal nåast med gåturar, joggeturar, rokkering, sit-ups og zumba(tenkte å kjøpe en dvd). Mange eg snakkar med held på som eg. Er eg påverka av alle prosjekta til dei rundt meg, eller er det berre ein del av det å nærme seg 40? Det kjem i alle fall ikkje av seg sjølv lenger. Trur eg har litt 40-års-krise, eg.

Heldigvis er det mykje hjelp å få i diverse dameblad. Eg får tips i massevis om hudkremar, moter, trening og anna. I det siste bladet eg las var det også tips om kva for vin det var kult å drikke. Dei skal sjå fancy ut i tillegg til å vere gode, og det skal vi og.

Men, i dag har eg plukka opp noko heilt av meg sjølv. Eg har kjøpt ei magisk bukse. Den heiter faktisk MAGIC, og den lover både å halde på plass og stramme inn både rumpe og lår. I tillegg var den billig. No er det berre å håpe på at buksa held det den lovar til eg har fått dreis på det under.

2 kommentarer:

  1. Det må då verkeleg vere magiske bukser. Trur vel eigentleg ikkje at det verkar. Det er nok knekkebrød og trim som skal til. Elles har du vel ikkje så mykje å jobbe med. Og så blir det vel mykje trim i Hellas når de skal øyhoppe.

    SvarSlett
  2. Du som e så tynn og fin! Berre å ta en runde med barberhövelen för avreise så er du ready to go:) Et lite tips; kjöp bikinitruse med knyting på sida. Perfekt for å trylle vekk love handels. Og det funke perfekt! :)

    Anne Mari

    SvarSlett