Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

tirsdag 13. desember 2011

Ferdig til jul?

Kva vil det seie å vere ferdig til jul? Ferdig-ferdig, eller fint ferdig?
Ikkje misforstå, eg er veldig glad i jula eg, og eg er glad i adventstida også. Ikkje er eg spesielt lat, og ikkje er eg som kjerringa som julekvelden kom brått på. Kvifor vert eg då småirritert av å få dette spørsmålet: "Er du ferdig til jul?"

Eg er ALDRI ferdig med noko som helst to veker før, slik er det berre. Å vere ute i god tid, det strider mot min natur. Kvifor er det slik? Kanskje er det slik fordi eg berre fyller opp om eg har tid til overs? Som eit høgtrykk som trekk til seg vindar frå alle kantar, kanskje det er meg?

Tid til overs, kva er forresten det? Når eg tenker på det er det sjeldan eg har tid til overs, eg har egentlig berre tid til bruk. Slik er det, eg har tid til bruk, og den tida er eg egentlig flink til å fylle opp, med både plikter og lyster. Er det nokon som kjenner seg igjen?

Kanskje er det fordi eg er flink til å fylle opp, samtidig som eg ofte er seint ute, (fordi eg er flink til å fylle opp) som gjer meg småfurten? Eller vert eg furten fordi eg er misunnelig på dei som har alt på stell to veker før jul? Det er vel i tilfelle ganske barnslig, å vere irriterte fordi andre prioriterer annleis enn meg. Eg vil jo ikkje vere ho som har jul på hjernen heile desember månad. (...eller vil eg det?)

Dei som kjenner meg veit at eg har mine julegreier, og juletradisjonar er leie å bryte, så om eg gjer det blir eg kanskje litt lei. No har det seg faktisk slik at eg har gjort det nokre gongar, og det har faktisk gått bra. Men, som det høgtrykket eg er...

Faktisk så trur eg at eg alt i alt  er fornøgd med mine eigne prioriteringar, og det er jo det som er viktig, julefrustrert eller ikkje.

Neste gong nokon spør om eg er ferdig til jul skal eg svare: FERDIG, fint ferdig til jul.

2 kommentarer:

  1. Så einig, så einig. Dersom å vere ferdig vil seie å få tid til alt ein har lyst til å gjere, vert ein nok aldri ferdig. men jula kjem kvart år likevel, heldigvis. Og det ein ikkje får gjort, får ein kanskje gjort etter jul eller neste år. Eg har bakt lyse brød, Kari. Mamma

    SvarSlett
  2. Fantastiske formuleringer!!
    Du tok alle tankene mine og skrev dem ned!

    Tusen takk :)

    God førjul og la jula komme når den kommer... håper du kan nyte den - ikke ligge langflat og sliten:)

    SvarSlett