Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

mandag 7. mars 2011

Sterke meiningar og klar tale

Eg er ein person som (stort sett i alle fall) seier det eg meiner. Slik har det vore så lenge eg kan hugse, men kva eg har meint har sjølvsagt forandra seg. Då eg var lita meinte eg det same som mamma og pappa, då eg vart litt eldre meinte eg det stikk motsette av mamma og pappa, og no meiner eg mykje forskjellig, heilt uavhengig (eller nesten) av kva mamma og pappa meiner. Men, akkurat det med mamma og pappa har ikkje så mykje med saka å gjere, jo litt- kjem tilbake til det seinare.

Sidan eg er slik eg er, synest eg at det er veldig godt og avklarande at folk er litt rett fram. Faktisk er det slik at om det er mykje mellom linjene eller rundt grauten, så er det ikkje sikkert at eg mottek bodskapen heller, i alle fall ikkje heilt KLART og TYDELEG. Korleis folk opplever meg er nok så ymse, men eg har forstått at det er ein del som ikkje likar at folk er direkte, ja opptil fleire. :-)

Hittil har tema vore å seie det som det er, men korleis er det eigentleg? For å seie det ein meiner må ein jo meine eit kvart, og kva skal det vere? Eg syntes det var enklare før, då eg såg verda som svart eller kvit. Då meinte eg frykteleg mykje og frykteleg sterkt. Eg kan minnast debattar (les stormar) om ulike tema i klasserom på vidaregåande skule, rundt kjøkenbordet heime, på fest.

No synest eg at det er stadig meir vanskeleg å ta stilling. Kva parti har(mest) rett? Kva meiner eg eigentleg om statskyrkja? Bør verdssamfunnet hjelpe opprørarane i Libya eller ikkje? Og kva med Israel-Palestina- konflikta? Kven er det som er mest idiot? (Eigentleg har eg svaret på det siste, men det er ikkje berre ei side av den saka heller.)

Poenget mitt er at om ein skal vere klok og velovervegd så må ein ikkje konkludere for raskt. Det er eigentleg dette som har plaga meg litt i det siste. Det er mot min natur å ikkje konkludere, men samtidig er det likevel slik det ofte er. Eg trur faktisk at mange har det slik. Eg lir av meiningsvegring, og det likar eg ikkje. (Dei som kjenner meg forstår kanskje ikkje at dette er tilfelle, men slik er det faktisk.) Sjølv om eg meiner ein del framleis, så er eg ikkje like sikker lenger, og det er jo både klokt og fornuftig. Ei sak har jo mange sider, og ein må ikkje konkludere for raskt.

Men, temperaturen forsvinn og engasjementet sloknar om vi berre skal sitje der på kvar vår (bar)-krakk og ikkje ta stilling. Nei, gi meg sterke meiningar. Eg lover at eg skal gi deg mine tilbake. Kanskje må dei justerast etter møtet med deg, men det gjer eg gjerne. (Ja, det spørs sjølvsagt)

Og så var det mamma og pappa. Takk for at eg fekk bryne meg. Om eg ikkje hadde hatt meiningsmotstand hadde det vel kanskje blitt mindre temperatur og mindre engasjement. Men for å ta heile runda- om vi ikkje er heilt på linje alltid, så er det alltid eit tema vi kan meine eit kvart om, og faktisk ganske ofte vere einige om, om vi konkluderer då.

7 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Du skriver virkelig godt, Kari!
    Gøy å følge deg :)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Hei, så bra du skriv!! Alltid kjekt å lese. Har alltid sett på deg som ei söster med sterke meiningar. Du tör alltid å stå for det du meine og du meine oftast nåkke. Derfor blir eg veldig overraska av å lese at du av og til har problem med det og. Og eg kjenne meg så godt igjen! Korleis kan eg ha ei meining om ditt eller datt om eg ikkje har fått höre alle argumenta, alle sidene, alt for og i mot. Eg syns faktisk det er et problem. Les eg noko så tenker eg alltid "jaja eg har jo faktisk berre hört ei side av saka" og les eg ei anna sida kan eg godt tenke "jaja men dette er nok ikkje heile bildet". Heilt sprött faktisk. Men eg veit det er en svakhet og eg pröver å jobbe med det. Og sjölv om vi ikkje er heilt i samme båt (ja for du meiner nok faktisk meir enn meg) så er vi kanskje i forskjellige båtar men i samme sjö:)

    Anne Mari

    SvarSlett
  5. Så fint at du kjenner deg igjen i det eg skriv. Vi er kanskje ikkje så ulike som du skal ha det til. :-)

    SvarSlett
  6. Takk Margrethe. Det er overraskande kjekt å skrive. (Det hadde lurt seg inn ein skrivefeil her, går litt fort i svingane.)

    SvarSlett
  7. Nei kanskje ikkje? :)

    lillesöster

    SvarSlett