Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

søndag 27. mars 2011

Å definere

Eg har nett hatt bursdag. Stjerneteiknet mitt er Fiskane, rett nok siste dagen i perioden, men likevel Fisk. At eg er Fisk har eg hatt slik middels interesse av, eg har lese ei og anna omtale av Fiskane, kjent meg litt igjen, men likevel ikkje. Interessa mi for astrologi er altså midt på treet, eg trur at det er noko i det, men har liksom ikkje løyst noko for meg.

No ein dag kom eg og ein kollega inn på dette med stjerneteikn, og ho meinte at eg er Vær. Då eg kom på at eg var fødd litt for tidleg vart dette stadfesta. Ho kunne litt om Vær sidan ho var det sjølv, men som meg ikkje kjende seg heilt heime i stjerneteiknet sitt.

Det er merkeleg kor godt eg likte å finne ut dette, at eg kanskje er Vær, og at eigenskapane til Væren passa betre til slik som eg kjenner meg. Fisken er i mine auge bra; mild og følsom. At eg er "ein kald fisk" er ikkje like positivt, men om ein er slik det er så. ;-) No har eg altså definert meg som Vær. Når ein definerer fell liksom noko på plass.

Å definere oss sjølve og dei rundt oss er noko som vi gjer heile tida. Det kan vere greit det, men ikkje alltid like positivt. Å definere er konkluderande, vi bestemmer at slik er det. Når vi definerer oss sjølve kan det bety å seie: "slik er eg, lev med det". Når vi definerer andre set vi dei i bås, bestemmer at dei er slik og dei er sånn. Det er stor sjanse for at dette berre er ein del av sanninga.

For nokre år sidan dreiv eg, og andre i min nære krets, med ei tankeretning- "enneagrammet". Tanken bak dette er kort fortalt at det er ni mennesketypar. Vi blir den  vi er både som resultat av miljø og det vi har i oss frå fødselen. Då skal ein altså finne seg sjølv, og i neste omgang utvikle seg sjølv innanfor denne "typen". Det var utruleg moro ein periode, eg las fleire bøker om emnet før eg gjekk lei. Det er positivt med utvikling, men ikkje alltid like positivt å plassere seg sjølv og fokusere på utviklingspotensiale, det kan faktisk vere ganske slitsamt. Når dette i tillegg vart ein selskapsleik der det var om å gjere å definere andre, vart det heile påtrengande.

Då kjem eg tilbake til det å definere andre, noko vi gjer heile tida- eg også. Noko av det verste eg veit er at folk mistrur meg mine gode intensjonar, eller at eg merkar at folk har sett meg i bås. For det stemmer som oftast ikkje. Eg hadde meg ein god samtale med ei venninne i dag, og vi snakka om akkurat dette. Mitt liv er på mange måtar definert av at eg er aleinemor og "singel" annakvar veke, altså med ein del tid på hendene. Ho er mamma på fulltid, og dette styrer hennar liv i stor grad. Då trur eg at ho er oppteken med sitt, medan ho trur at eg kosar meg med aleinetida mi. Det stemmer, men det stemmer ikkje alltid likevel. Konsekvensen var i dette tilfellet at vi i går kveld sat og drakk vin kvar for oss i staden for å drikke vin saman.

lørdag 26. mars 2011

Luksusfellen

Ein ny sesong er i gang, og eg berre elskar å sjå. Eg fråtsar i andre si ulukke, og prisar meg lukkeleg for at eg ikkje er like på trynet.

Dette er meg, som bannlyste Ricky Lake for nokre år sidan, som meinte at dette var sosialpornografi av verste sort. Den første sesongen av Big Brother sjokkerte meg også. Korleis var det mogleg at folk ønskte å vise seg fram på TV på denne måten? Då Temtation Island kom, som det verste av det verste, meinte eg at den umoralse botnen var nådd.

Eg meiner framleis dette, men som nemd tidlegare blir eg ikkje lenger like opprørt. Slik er det sikkert for mange, vi ser, vi meiner,- og så slår vi av TV, eller vi lar det vere.

No ser eg Luksusfellen med ein liten bismak. For det er jo sosialpornografi. Dei stakkars sjelene som har rota det skikkeleg til for seg sjølv får jo hjelp, men må betale med å brette ut privatøkonomien sin på landsdekkande TV.

Eit håp er at dette programmet har oppdragende effekt, slik at fleire let vere å setje seg i eit slikt uføre. Men, det er ikkje lett. Vi er omgitt av luksus på alle hold, og kva som er eit normalt forbruk har endra seg mykje på berre nokre få tiår. Slik dei fleste levde på td. 70-talet, då eg vaks opp, hadde kanskje blitt definert som "fattigdom" no. Fattigdomsgrensa som ein opererer med i Noreg forandrar seg etter kor mykje vi tener. Ein vert rekna som fattig om ein tener under medianinntekta. (Dette er definisjonen i OECD) Ein er altså fattig samanlikna med dei andre.

I min barndomsheim var det to fulle lærarlønner, og etter kvart fem barn. Mange på den tida levde på ei løn, så vi hadde det nok rimeleg bra. Vi hadde det vi trengte, men ikkje så mykje luksus.  Ein vanleg vekemeny var td: fiskepudding, karbonader og speilegg, havregrynsgraut, fiskepinnar, pannekaker, spagetti m.kjøttdeig(berre ein pakke), risengrynsgraut på laurdag, laks, kjøttkakaker, kotelettar på søndag.

Eg er klar over at eg no høyrest ut som ei gammal kjerring, i alle fall veldig vaksen. :-) Men, det er ikkje slik at eg ønskjer at det skal vere slik no. Vi skal kose oss med god mat, og luksusen vi omgir oss med er ikkje noko eg meiner at vi skal ha dårleg samvittigheit for. Det eg vil ha fram er at kva vi ser på som normalt forandrar seg, og då også vanane. Ein del no forstår ikkje at alt ein ser rundt seg og ønskjer seg ikkje nødvendigvis kan bli deira, slik med ein gong. Å leve eit luksusliv i eit luksusland vert for mange ei dyrkjøpt erfaring.

Har eg no skrive meg ut av min elsk for "Luksusfellen". Nei, det er berre så utruleg fascinerande å sjå korleis mange berre brukar og brukar, gøymer bort rekningar i skap og stikk hodet i sanden. Eg synest litt synd på dei, men det er utruleg bra underhaldning

søndag 20. mars 2011

Gratulerer med dagen

Er det lov til å seie at det er bittelittegranne trist å bli 39 år? Nei, eg har ikkje panikk. Eg har i grunn aldri hatt problem med å bli eldre. Å bli 20 var stort, endelig vaksen. Då eg vart 30 følte eg meg vellukka. Eg var i eit avklart forhold- gift og "gjengift" med ei jente på 7 mnd. i eit nytt, gammalt bergenshus, blant mange venner og i ein jobb eg trivdes veldig godt i. Eg var framleis i starten av livet. No er eg 39 år, har to flotte barn, har ei flott leiligheit, og framleis med ein bra jobb. Eg har det bra, har mange venner, er stort sett opptatt heile tida, utviklar meg både her og der. Likevel kjenner eg ei snikande kjensle av tristheit, (dårleg ord, men vemod høyrest litt teit ut). Nei, livet er ikkje over, eg veit at framtida er full av mulegheiter, både når det gjeld jobb, opplevingar og truleg kjærleik også. :-)

40 er jo det nye 30 blir det sagt, men er ikkje det 40- åringar som seier det for å "booste" si eiga sjølvkjensle? Er ikkje det eigentleg ei av dei mange livsløgnene som vi omgir oss med? For frå no går det vel berre nedover? Og er det ikkje patetsik med 40- åringar som trur dei er unge og virile? Som kler seg i trange og moderne tighs, med kroppsnære toppar og små skinnjakker?

Nei, eg veit ikkje om det er 40 eg er redd for, eg trur at eg er redd for å vere 39 + og desperat. Kanskje eg ikkje er det no, men kanskje eg blir det? Skikkelig på hugget, fest både her og der på jakt etter drømmemannen, men korte skjørt og leopard-body og stilettar? Eg trur at 40-årsdagen må feirast på danskebåten i eit slikt kostyme, berre for å peike nase. For det er så mange reglar og så mange feller for damer 39 +, men er menn i alder i ein slik situasjon? Er dei patetiske 40- åringar som vil vere unge lengst mogleg? Nei, dei er har glansdagane framfor seg, og det insisterer eg også på å ha. :-) Eg gleder meg til eg blir 40.

mandag 7. mars 2011

Sterke meiningar og klar tale

Eg er ein person som (stort sett i alle fall) seier det eg meiner. Slik har det vore så lenge eg kan hugse, men kva eg har meint har sjølvsagt forandra seg. Då eg var lita meinte eg det same som mamma og pappa, då eg vart litt eldre meinte eg det stikk motsette av mamma og pappa, og no meiner eg mykje forskjellig, heilt uavhengig (eller nesten) av kva mamma og pappa meiner. Men, akkurat det med mamma og pappa har ikkje så mykje med saka å gjere, jo litt- kjem tilbake til det seinare.

Sidan eg er slik eg er, synest eg at det er veldig godt og avklarande at folk er litt rett fram. Faktisk er det slik at om det er mykje mellom linjene eller rundt grauten, så er det ikkje sikkert at eg mottek bodskapen heller, i alle fall ikkje heilt KLART og TYDELEG. Korleis folk opplever meg er nok så ymse, men eg har forstått at det er ein del som ikkje likar at folk er direkte, ja opptil fleire. :-)

Hittil har tema vore å seie det som det er, men korleis er det eigentleg? For å seie det ein meiner må ein jo meine eit kvart, og kva skal det vere? Eg syntes det var enklare før, då eg såg verda som svart eller kvit. Då meinte eg frykteleg mykje og frykteleg sterkt. Eg kan minnast debattar (les stormar) om ulike tema i klasserom på vidaregåande skule, rundt kjøkenbordet heime, på fest.

No synest eg at det er stadig meir vanskeleg å ta stilling. Kva parti har(mest) rett? Kva meiner eg eigentleg om statskyrkja? Bør verdssamfunnet hjelpe opprørarane i Libya eller ikkje? Og kva med Israel-Palestina- konflikta? Kven er det som er mest idiot? (Eigentleg har eg svaret på det siste, men det er ikkje berre ei side av den saka heller.)

Poenget mitt er at om ein skal vere klok og velovervegd så må ein ikkje konkludere for raskt. Det er eigentleg dette som har plaga meg litt i det siste. Det er mot min natur å ikkje konkludere, men samtidig er det likevel slik det ofte er. Eg trur faktisk at mange har det slik. Eg lir av meiningsvegring, og det likar eg ikkje. (Dei som kjenner meg forstår kanskje ikkje at dette er tilfelle, men slik er det faktisk.) Sjølv om eg meiner ein del framleis, så er eg ikkje like sikker lenger, og det er jo både klokt og fornuftig. Ei sak har jo mange sider, og ein må ikkje konkludere for raskt.

Men, temperaturen forsvinn og engasjementet sloknar om vi berre skal sitje der på kvar vår (bar)-krakk og ikkje ta stilling. Nei, gi meg sterke meiningar. Eg lover at eg skal gi deg mine tilbake. Kanskje må dei justerast etter møtet med deg, men det gjer eg gjerne. (Ja, det spørs sjølvsagt)

Og så var det mamma og pappa. Takk for at eg fekk bryne meg. Om eg ikkje hadde hatt meiningsmotstand hadde det vel kanskje blitt mindre temperatur og mindre engasjement. Men for å ta heile runda- om vi ikkje er heilt på linje alltid, så er det alltid eit tema vi kan meine eit kvart om, og faktisk ganske ofte vere einige om, om vi konkluderer då.

fredag 4. mars 2011

Strawberry Fields Forever



Det er mange som lengtar etter våren no. Ja, heilt sidan nyttår har mange venta på våren- nokre kanskje heilt sidan den første snøen kom - i november? Det har vore ein kald og lang vinter, kjenner eg. Eg kjenner det verkeleg, den mørke tida har tatt på. Men, no held det på å lysne, til sinns i takt med lyset ute. Ja, det er snø ute framleis, men det er ikkje like kaldt. Ja, regn er på mange måtar verre enn snø, men no er i alle fall verandaen min fri for det kvite og kalde. Ja, det er kjekt å gå på ski, men det er enda kjekkare å gå med joggesko på ny-tørr asfalt. Eg kjenner det skikkelig, eg kjenner at eg er blidare, greiare, lettare.

Vårteikna ser eg over alt. Eg ser det i dei nye støvlane mine, og i dei kvite skoa eg såg i eit butikkvindu som eg skal ha- snart. Eg ser det i dei skitne vindauga mine i sollyset. Eg ser det i tulipan-buketten på bordet, og dei fargerike stearinlysa som har kome i staden for dei brune og svarte.

Mest av alt ser eg det i min eigen tenkemåte. Våren vart skikkelig prisa første laurdagen i vinterferien. Då inviterte eg to venninner på jordbær-drinkar med sugerør. Ei av dei sa at ho var litt redd for å ta gleda på forskot, for det er berre februar, og det er slett ikkje sikkert at det ikkje vert frost igjen. Eg trur vi to andre fekk overbevist ho om at gleder på forskot er viktige gleder det også. Då har vi noko å gå på om det vert kaldt igjen.

Apropos tittelen så veit eg at dette ikkje er ein lystig song om evige jordbæråkrar, men så er det no slik at det er ingenting som berre er lystig. Det er i alle fall ein fin song.