Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

tirsdag 17. mai 2011

17. mai

Kl. 7.00. Radioen seier at det har vore ei travel natt, men ikkje for meg- lenge sia eg dreiv med slikt. Det er berre å gni søvnen ut av auga og hive seg i dusjen.

Bunaden passar i år også, bunadskoa verkar som vanleg, men dei går seg til etter kvart som dei får gå, som åra før. Frukost med besta, ståande må vite, med påkledning av barn mellom kaffikoppane. Og kor er skoa? Diskusjon om kor dei sist var i bruk. Med meg? Nei, du hadde dei i konfirmasjonen. Stressande stress, leite og leite. Ja, der var dei. Slips? Nei. Stryke flagget? Nei. Det går bra.. Ispengar med besta. Ja, tusen takk.  10 min. igjen til vi skal møte opp på stadion.

Flott tog med blide barn, flagg, fløyter, rop, russekort. Gratulerer med dagen! Hipp hipp! Vikemarka, Vikemarka, det er vi. Regn, sol, opplett, SOL, REGN. Vi er eit fritt land. Krigar i maaange land. Våre nye landsmenn.

Fy, for eit vær. Eit vers av "Ja, vi elsker", regn, Regn, REGN. Skunde seg til Oldebesten. Kaker i lange baner. Leikar på stadion? Nei, for eit vær, trur vi ventar. Billettar til filmen? Korleis får vi tak i det? Ingen fleire billettar igjen. Ja, ja. Vi får sjå ein film heime. No lettar det. Trur vi tek oss ein tur likevel. Nei, uff det regnar visst framleis. Ingen på stadion, sykkelløp på Velle. Nei, vi kjøper oss ein film og snopar litt. E.T og pop-corn. Koseleg, spennande og trist. Filmgjestar, SÅ KJEKT!

Folketoget, ja. Nei, droppa visst det også, regnar framleis. Nei, eg stikk heim og hiv av meg bunaden, den stramma visst litt likevel. DEILIG å få en av.

Det har UANSETT vore ein flott dag, og den er ikkje over enda. Gratulerer med dagen til alle.

1 kommentar:

  1. Haha kjenne igjen meg:) Koselig å lese om 17 mai for en stakkars svenske som ikkje fikk feira nåkke. E ikkje så lett her i Sverige men eg kunne nok vert flinkare. Bunaden heng i skapet og skoa står i boda. Håpe vi blir invitert til en dåp snart så eg får brukt den. Og håpe den passa:) Eg feira i alle fall dagen med jobb, möte etter jobb og så fiskesuppe med et godt glass vin sammen med ei venninne. Og på bordet, blomster i rödt, kvitt og blått. På Spotify hadde dei til og med ja vi elsker. Og jammen gjer vi det:)

    Anne Mari

    SvarSlett