Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

søndag 15. april 2012

Å rydde

Likar du å rydde? Likar eg å rydde? Ein ting er sikkert, eg er vedig fornøgd med meg sjølv etter at eg har rydda. Då har eg vore kjempeflink, og har lyst å få ros. Kanskje fiskar eg litt ved å la vaskebøtta stå framme litt, slik at besøkande kan sjå at eg har vaska, om dei ikkje ser det då. Kanskje skulle eg heller ha tatt bilde, før-etter, for det går an å sjå forskjel. "No har eg vore flink", kan eg seie til meg sjølv, eller "no har vi vore flinke" til Marie og Johannes, for får eg ånda piskar eg dei også.

Det er sant, eg har innsett at eg ikkje er så ryddig som eg vil ha det til, eller ville ha det til, for eg har innsett at eg er rotete- eit rotete menneske. Er det ikkje fint å oppnå sjølvinnsikt i ein alder av 40? Ja, det er ikkje slik at eg ikkje har innsett det før altså, då eg var liten var det stadige leiteaksjonar etter plata mi, type tannregulering. Kor mange klokker eg har fått til jul har eg ikkje tal på, og eg har rota bort nokre lommebøker også. Men, så blei eg vaksen og har litt meir kontroll, og om eg ikkje direkte likar å rydde har eg vel vorte ganske flink til å rydde. Som sagt seier eg: "Ja, men eg er flink til å rydde", for å liksom seie til meg sjølv at det er OK å rote.

Tilbake til følelsen etterpå, for rett som det er kan eg klappe meg på den skuldra, for eg rotar det jo til igjen. Eg må liksom rote det til igjen. Er det ingenting på bordet må eg nesten la avisa ligge igjen der. Vert det koseleg då? Tja, litt heimekoseleg? Vel, uansett, ligg det ei avis der kjem det snart ein kaffikopp, reklame, brev, lego... Då er det på tide å rydde igjen.

Eg er no og då på besøk hos andre, og det er stor forskjel på graden av rot. Nokre seier: uff, det er litt rotete her", og så er det to sofaputer som er på skeive. Andre kan unnskylde rotet, og du kan svare: "så godt at det ikkje berre er meg", men så tenker du: "så godt at det ikkje er meg".

Ei veninne, som no og då slit med liknande problem som eg, fortalte for litt sidan om noko ho hadde lest på nettet. Ho var ganske så oppglødd, og klarte å smitte meg også, sjølv om eg vanlegvis ikkje oppdaterer meg på amerikansk sjølhjelpssvada, og ikkje ho heller. Ideen er ikkje så revolusjonær, men opplegget er faktisk nokså provoserande. Altså, når det er ryddig rundt deg blir det ryddig i hodet. Jada, jada, det er sant det. Målet, som er ein ryddig heim og eit balansert indre, skal oppnås gradvis, kvadratmeter for kvadratmeter ved hjelp av "Decluttering". Først skal ein skure kjøkenvasken, neste steg trur eg var kjøleskapet osb, osb, osb. MEN, det du har rydda skal du halde slik, ny vaskefille kvar dag, halde kjøleskapet ryddig og reint. Alle som er nokonlunde normale forstår kvar haka er. Dette er berre snikinnføring av patriarkiet, etter alt det våre formødre har kjempa. Nei, amerikanarane kan ha det for seg sjølv.

Men, eg likar ordet "Decluttering". Ryddar eg badet, kjøleskapet eller ei skuff kan eg seie at det er "Decluttering", straks meir viktig enn å rydde. Etterpå set eg meg ned, ser på alt det ryddige, og klappar meg på skuldra, og belønner meg sjølv med ei avis og ein kaffikopp, som får stå igjen på bordet.

mandag 2. januar 2012

Nyttårsforsett

Eg har ei kjensle av at mange vegrar seg for nyttårsforsett. Ein har kanskje erfaring med at ein ikkje klarer å følge opp, og då blir berre dei gode forsetta til dårleg samvittigheit. Å ha dårleg samvittigheit er sjølvsagt ikkje kjekt...

Å gjere opp status på nyåret er ein god metode for meg. Det er tid for ettertanke og kanskje litt nytenking. Det er faktisk litt som eg har tenkt eg skulle ha gjort noko med, eg er liksom ikkje 100% fornøgd med "tingenes tilstand".

Fokus på eigen person er vel det nyttærsforsett handlar om, og kanskje er det litt" navlebeskuande" med nyttårsforsett, men det treng jo ikkje å vere det, ein kan jo prøve å vere meir for andre.

Er nyttårsforsett privat? Det er jo kanskje det, men om det er berre du som veit kva dine er så er det jo lettare å ikkje få det til? For meg fungerer det å gå høgt ut, trur eg, det forplikter at eg har sagt det høgt, at andre veit. Samtidig er det jo litt dumt om ein i tillegg til å skuffe seg sjølv om ein ikkje får det til, må vere nødt til å få dobbel dose gjennom andre sine kommentarar. Då gjeld det å ha gode venner.

Å blogge om nyttårsforsett er nok i så måte ganske dristig, men eg vel å halde fana høgt..., eg er kanskje modig då, og det er også eit av mine nyttårsforsett.

For å ikkje tryne skal forsetta mine vere oppnåelege, lystbetonte og kjekke, stort sett.

Her kjem dei:

Eg skal halde fram med å lese gode bøker, men eg skal ikkje lese ut dei eg ikkje likar.

Eg skal ete god mat, drikke vin og ete sjokolade, men kanskje ikkje kvar dag. Det er viktig å ikkje vere fanatisk her.

Eg skal lage god mat, for eg har ikkje tenkt å legge på meg av fiskepinnar.

Eg skal ikkje sjå på TV for å bruke opp tid, men sjå det eg faktisk har lyst til å sjå.

Eg skal bli ein betre lyttar, slik Lars lærte oss, der har eg utviklingspotensiale.

Eg skal vere modig, ikkje redd for å seie meiningane mine, men ikkje på ein sårande måte sjølvsagt.

Eg skal PRØVE å ikkje utsetje alt, men vere i forkant av situasjonen. Planlegging er stikkordet.

Eg skal invitere på middag og sosiale samkome, og eg LOVAR å ikkje føre rekneskap.

I tillegg skal eg, litt vanskelig, prøve å vere positiv, ikkje grave meg ned i mine eigen grøfter, men ei utblåsning no og då MÅ eg ha.

Det viktigaste: Eg skal vere SPORTY, det er den viktigaste lovnaden eg gir meg sjølv i år, og det eg har mest lyst til å få til. Eg skal trene mykje, og til og med føre treningsdagbok. Eg er godt i gang, og det er KJEKT, i alle fall til no. ;-)

Vel, no har eg sagt det, så no må eg! Ikkje ver ekkel med meg no om eg ikkje får alt til, men det er vel lov å prøve.