Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

mandag 14. februar 2011

Flink pike

I dag skal eg på trening, eg skal vere flink. Er det ikkje kjekt å trene då, spør du kanskje? Jo, det er jo det, men det er andre ting som er kjekt også. Eg synest til dømes at det er kjekt å sjå på tv, lese og ha god tid til å drikke kaffi. Det er eit par aviser her eg skulle ha lese, og så er det den boka til Knausgård som ligg og fristar. Når klokka er mange nok kallar pliktene også, og då er det jo noko som eg gjere. Viss eg trener, skal det då gå ut over det eg vil gjere eller det eg må gjere?

Slik driv eg og tenker og vurderer og måler, sjølv om eg er overbevist om at det er kjekt/bra å trene. Eg må nok innrømme at sofaen ofte er meir fristande, og då hender det nok at eg finn på ein del unnskuldingar for å rettferdiggjere vala mine. Men, eg får dårleg samvittigheit likevel . Eg får dårleg samvittigheit om eg trenar for lite, om eg les for lite, om eg kastar bort tida mi på tv og anna,- og det gjer eg ofte. Sulling, det er noko eg er ekspert på.

Ta dagen i går til dømes. Den fine sola ute, nydeleg vær. Kva gjorde eg med det? Ingenting, eg berre sulla rundt her heime. Då er det vel reint og fint her då? Neida, ikkje det heller. Fredagsvasken vart til laurdagsvask som vart til søndagsvask, som kanskje skal bli til mandagsvask. Flink pike? Ja, det skal eg vere i dag. Eg skal henge opp vasken, eg skal vaske golva, eg skal rette prøvebunken, og eg skal trene. Ja, om eg får tid sjølvsagt, for først skal eg drikke kaffi og lese avisa.

2 kommentarer:

  1. Eg har faktisk funne ut at dårlig samvittighet er ein meiningslaus fölelse så eg pröver å la väre å få det. Det er ikkje enkelt men eg synes ikkje at dårleg samvittighet skal vere ein motivator. Pröv å ignorere den fölelsen så kjem du til å föle deg bedre. Og det du ikkje rekk i dag får du ta i morgon. Det har blitt gjort en studie som visar at det som eldre folk angrer på det er ikkje at dei vaska huset for lite, trena for lite etc. Det viktigaste er å ha det bra. Ver saman med ungane, ta deg tid til å lese og sulle. Gjer det du syns er kjekt. Det er det som gir livskvalitet:)

    Anne Mari

    SvarSlett
  2. Mange vise tankar. Har vel også brukt mykje av livet til å ha dårleg samvit, sikkert bortkasta. Merkar til og med som pensjonist at eg føler eg må bruke tida fornuftig. Det er viktig å ha det bra med seg sjølv og ta omsyn til seg sjølv.På den andre sida gjer det godt å få unna ting som ligg og gneg. Det gjeld vel å finne ein balanse.
    Mamma

    SvarSlett