Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

fredag 11. februar 2011

Lukke

Lukke, kva er det? Det er noko som vi alle higer etter, som ein usynleg målestokk som vi måler liva våre opp mot. Vi vurderer andre, lurer på om dei er lukkelege, eller om det berre er utanpå at det ser så kjekt og harmonisk ut. Det er mange teoriar på kva lukke er, og kva det er som gjer ein lukkeleg. Likevel er det vel kvar og ein av oss som kjenner meir eller mindre definerte kjensler av lukke.

Eg trur at vi på mange måtar er for opptekne av at vi skal kjenne slike gode kjensler for å definere liva våre som bra, vellukka, interessante, spanande, lukkelege. Kanskje det er i takt med desse krava at mange av oss kjenner at vi ikkje klarer å leve opp til den standaren som vi set for oss sjølve, som vi speglar i dei vellukka liva til dei rundt oss.

Samtidig trur eg at vi på mange måtar er "vår eiga lukkes smed", at vi med måten å tenkje på, dei vala vi tek, rett og slett innstillinga vår til livet i stor grad styrer korleis vi har det. Korleis møter vi dagen? Korleis møter vi dei rundt oss? Let vi oss sjølve få lov til å gjere det vi vil framfor det vi "må" utan å få dårleg samvit?

Ta dagen på sparket, gå på kafè, et den sjokoladen, inviter ein nabo på kveldsmat. I tillegg, legg planar. Eg trur at det er viktig å ha noko å glede seg til, då har vi noko kjekt å sjå fram til. Det verkar i alle fall for meg. No gleder eg meg til eg skal ut i kveld på Rokken med kjekke damer, ete sushi på hotellet i morgon med like kjekke og greie folk, dra til Oslo i vinterferien og besøke ei svært gjestfri svigerinne, og dra til Hellas i sommar med barn og tantebarn, bror og svigerinne. No driv eg og planlegg at eg skal ete ein konfektbit når eg er ferdig med å skrive dette.















Er eg lukkeleg? Det hjelper i alle fall på. :-)

4 kommentarer:

  1. Hjørdis Almelid Vikenes11. februar 2011 kl. 16:59

    Kjekt å blogge. Skal eg halde fram med ein gong e får litt mindre gjeremål i livet. No ligg studentbloggen der og visnar, men kanskje om nokre år, blomer han atter i synigom...

    SvarSlett
  2. Det hadde absolutt vore kjekt for deg, Hjørdis. Saken er den at eg ikkje brukar så mykje tid på det. Eg skriv litt om eg har lyst, og du skriv jo heile tida. ;-)

    SvarSlett
  3. Koselig å lese, Kari! Og absolutt noe å kjenne seg igjen i... :) Gleder meg til Sushi i kveld. Og før det blir det sol og ski!!!

    SvarSlett
  4. Kari, du har så rett, så rett, endå ein gong. Eg blir fast lesar :)

    Her viser lukka seg med synet på Sindre sitt sovande ansikt nett no....

    SvarSlett