Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

torsdag 16. juni 2011

Lærarferie

Det er no så mange meiningar om lærarar. I alle fall så trur vi det, vi som er det. Vi veit at vi blir omsnakka, både som enkeltpersonar og som gruppe, både generelt og spesielt. På små plassar er det nok meir meiningsutvekslingar enn på større stader. Alle foreldre er jo oppteken av kven som skal være læraren til gulla deira, og eg forstår det godt, eg sjølv inkludert er jo oppteken av at det kjæraste eg har er trygg og fornøgd på skulen. No i desse tider er det mange avslutningsfestar og sermoniar i skule-regi. Vi har nett sagt god sommar til ei flott dame, og farvel til ei anna flott dame som skaper og har skapt trygge omgjevnader for barna våre.

Slike sommarfestar er jo på mange måtar litt slitsame for foreldre(og lærarar). Mange skal avslutte både her og der, og ein skal grille, ha med "mat på fat", samle inn pengar til blomster, kanskje ikkje berre to gongar, men gjerne tre og fire gongar i løpet av nokre hektiske førsommar-dagar. Logistikken skal gå opp, og skal også passast inn med blåtur på jobben og sommarfest i lesegruppa, mi veke og di veke.

MEN, her er ei oppfordring, prøv i alt det hektiske å kjenne på sommarfølelsen. Kjenn på forventninga, spenninga, håpet om dagar med shorts, bikini, is, skulefri. Alle har vi vore barn, og vi  klarer å tenke tilbake til kjensla på sommarfesten, på siste skuledag, på siste skuletime siste skuledag, i det vi ropte GOD SOMMAR. Vi visste at vi hadde åtte deilige veker framfor oss.

Og no over til lærarferien. Det er mange som misunner oss den, og mange endatil forbanner den. Barna har jo fri i åtte veker, men ikkje foreldre flest. Mange slit med å få ferien til å gå opp, det er ikkje få foreldrepar som er heldige om dei klarer å få eit par veker saman fordi dei må strekke ferien for å ha pass til barna, og då har ein gjerne allerede brukt opp både bestefar og tante Lise. Eg føler med dei, men det er ikkje stort eg kan gjere med det. Sjølvsagt kan eg informere om at fire veker er avspasering, men det skaffer ikkje barnevakt.

Noko eg kan gjere og skal gjere er å nyte dette gode frynsegodet som vi har. Eg skal setje pris på det, og eg skal tenke på dei som ikkje kan, som alle skulebarna og lærarane, glede seg som eit barn sjølv til åtte veker med late dagar, sol, sommar og is. Om ikkje dette er einegrunn til å velje læraryrket, er det likevel ein grunn blant mange.

2 kommentarer:

  1. Ja jammen er eg misunnelig på så masse ferie som dåkke har. Men det e jo som du seie, ein kunne jo blitt lärar sjöl om det va så viktig:) Men eg forstår at det e nåkke slit å få ferien til å rekke til med barn. Send dei på leir og språkreise seie berre eg;) har fantastiske minne fra det og:) Men dei fleste lärarar gjer ein god jobb og strengt tatt ( i alle fall i Sverige) er det meininga at ein lärar skal jobbe 45 timar i veka (mot 40 vanlige). Det blir 20 timar på ein månad og 40 timar på 2 månader. Et kjapt regnestykke viser at 20*10 er 200 timar på eit år og det motsvare 1 måned og 1 veke med ekstra jobb. Puh! Men så kan vi vel ta vekk vinterferie, höstferie, påskeferie og juleferie og vips er vi nede på ei veke. Og dei fleste i privat sektor har 6 ferieveker. Så desså! :) Spörsmålet er jo då om det vanlig å jobbe 45 timers veke blandt lärarar?

    Anne Mari

    SvarSlett
  2. Det er nok litt ymse, men mange jobbar meir trur eg. I Norge er det ikkje 45 t., men 43,2 trur eg.(eller 42,3)

    SvarSlett