Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

søndag 20. mars 2011

Gratulerer med dagen

Er det lov til å seie at det er bittelittegranne trist å bli 39 år? Nei, eg har ikkje panikk. Eg har i grunn aldri hatt problem med å bli eldre. Å bli 20 var stort, endelig vaksen. Då eg vart 30 følte eg meg vellukka. Eg var i eit avklart forhold- gift og "gjengift" med ei jente på 7 mnd. i eit nytt, gammalt bergenshus, blant mange venner og i ein jobb eg trivdes veldig godt i. Eg var framleis i starten av livet. No er eg 39 år, har to flotte barn, har ei flott leiligheit, og framleis med ein bra jobb. Eg har det bra, har mange venner, er stort sett opptatt heile tida, utviklar meg både her og der. Likevel kjenner eg ei snikande kjensle av tristheit, (dårleg ord, men vemod høyrest litt teit ut). Nei, livet er ikkje over, eg veit at framtida er full av mulegheiter, både når det gjeld jobb, opplevingar og truleg kjærleik også. :-)

40 er jo det nye 30 blir det sagt, men er ikkje det 40- åringar som seier det for å "booste" si eiga sjølvkjensle? Er ikkje det eigentleg ei av dei mange livsløgnene som vi omgir oss med? For frå no går det vel berre nedover? Og er det ikkje patetsik med 40- åringar som trur dei er unge og virile? Som kler seg i trange og moderne tighs, med kroppsnære toppar og små skinnjakker?

Nei, eg veit ikkje om det er 40 eg er redd for, eg trur at eg er redd for å vere 39 + og desperat. Kanskje eg ikkje er det no, men kanskje eg blir det? Skikkelig på hugget, fest både her og der på jakt etter drømmemannen, men korte skjørt og leopard-body og stilettar? Eg trur at 40-årsdagen må feirast på danskebåten i eit slikt kostyme, berre for å peike nase. For det er så mange reglar og så mange feller for damer 39 +, men er menn i alder i ein slik situasjon? Er dei patetiske 40- åringar som vil vere unge lengst mogleg? Nei, dei er har glansdagane framfor seg, og det insisterer eg også på å ha. :-) Eg gleder meg til eg blir 40.

3 kommentarer:

  1. Kari; du blir nok aldri patetisk!! MEN ser ikkje for meg deg i lårkorte skjørt eller hotpants heller. Du er ei som kler deg som du vil, men som aldri er "out of order"! At 40 er d nye 30 er ingen livsløgn, eg lever fortsatt i 20-åra og trivst med d, happpy trettis dear. smask ;)

    SvarSlett
  2. :-)
    Tok det visst litt langt der.

    SvarSlett
  3. Alderen er ikkje så viktig. Tida er noko ein kokar egg etter, seier Levi Henriksen. På innsida er vi vel stort sett som vi har vore heile tida, om vi er tjue eller førti. Gratulere med dagen, Kari! Helsing Magne

    SvarSlett