Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

fredag 4. mars 2011

Strawberry Fields Forever



Det er mange som lengtar etter våren no. Ja, heilt sidan nyttår har mange venta på våren- nokre kanskje heilt sidan den første snøen kom - i november? Det har vore ein kald og lang vinter, kjenner eg. Eg kjenner det verkeleg, den mørke tida har tatt på. Men, no held det på å lysne, til sinns i takt med lyset ute. Ja, det er snø ute framleis, men det er ikkje like kaldt. Ja, regn er på mange måtar verre enn snø, men no er i alle fall verandaen min fri for det kvite og kalde. Ja, det er kjekt å gå på ski, men det er enda kjekkare å gå med joggesko på ny-tørr asfalt. Eg kjenner det skikkelig, eg kjenner at eg er blidare, greiare, lettare.

Vårteikna ser eg over alt. Eg ser det i dei nye støvlane mine, og i dei kvite skoa eg såg i eit butikkvindu som eg skal ha- snart. Eg ser det i dei skitne vindauga mine i sollyset. Eg ser det i tulipan-buketten på bordet, og dei fargerike stearinlysa som har kome i staden for dei brune og svarte.

Mest av alt ser eg det i min eigen tenkemåte. Våren vart skikkelig prisa første laurdagen i vinterferien. Då inviterte eg to venninner på jordbær-drinkar med sugerør. Ei av dei sa at ho var litt redd for å ta gleda på forskot, for det er berre februar, og det er slett ikkje sikkert at det ikkje vert frost igjen. Eg trur vi to andre fekk overbevist ho om at gleder på forskot er viktige gleder det også. Då har vi noko å gå på om det vert kaldt igjen.

Apropos tittelen så veit eg at dette ikkje er ein lystig song om evige jordbæråkrar, men så er det no slik at det er ingenting som berre er lystig. Det er i alle fall ein fin song.

3 kommentarer:

  1. Eg er overbevist!
    Gleder på forskot KAN gi mykje god energi. Og dessuten... våren kjem den! Uansett kor monge frostrider som måtte komme før våren verkeleg er her!
    Og i dette øyeblikk tittar sola fram etter ett regnver som kun kan beskrivast som vått!
    Som om sola tenkjer det same...
    Gleder på forskot, gir gleder lengre varigheit!

    SvarSlett
  2. Har vel litt problem med å sjå vårteikn, men vi veit at dei kjem. Og godt er det. Vi skal gå på ski eit par månader til. Istaden blar eg i blomsterkatalogar og drøymer meg bort. Bra det og.
    Mamma

    SvarSlett
  3. For oss var det ei vårglede å ta imot besøk frå Ørsta. Fast tradisjon i framtida? Ein ting som er fint med vår, er å gå på ski i sola, det skal Anna og eg prøve no.

    Bruttern

    SvarSlett