Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

søndag 15. april 2012

Å rydde

Likar du å rydde? Likar eg å rydde? Ein ting er sikkert, eg er vedig fornøgd med meg sjølv etter at eg har rydda. Då har eg vore kjempeflink, og har lyst å få ros. Kanskje fiskar eg litt ved å la vaskebøtta stå framme litt, slik at besøkande kan sjå at eg har vaska, om dei ikkje ser det då. Kanskje skulle eg heller ha tatt bilde, før-etter, for det går an å sjå forskjel. "No har eg vore flink", kan eg seie til meg sjølv, eller "no har vi vore flinke" til Marie og Johannes, for får eg ånda piskar eg dei også.

Det er sant, eg har innsett at eg ikkje er så ryddig som eg vil ha det til, eller ville ha det til, for eg har innsett at eg er rotete- eit rotete menneske. Er det ikkje fint å oppnå sjølvinnsikt i ein alder av 40? Ja, det er ikkje slik at eg ikkje har innsett det før altså, då eg var liten var det stadige leiteaksjonar etter plata mi, type tannregulering. Kor mange klokker eg har fått til jul har eg ikkje tal på, og eg har rota bort nokre lommebøker også. Men, så blei eg vaksen og har litt meir kontroll, og om eg ikkje direkte likar å rydde har eg vel vorte ganske flink til å rydde. Som sagt seier eg: "Ja, men eg er flink til å rydde", for å liksom seie til meg sjølv at det er OK å rote.

Tilbake til følelsen etterpå, for rett som det er kan eg klappe meg på den skuldra, for eg rotar det jo til igjen. Eg må liksom rote det til igjen. Er det ingenting på bordet må eg nesten la avisa ligge igjen der. Vert det koseleg då? Tja, litt heimekoseleg? Vel, uansett, ligg det ei avis der kjem det snart ein kaffikopp, reklame, brev, lego... Då er det på tide å rydde igjen.

Eg er no og då på besøk hos andre, og det er stor forskjel på graden av rot. Nokre seier: uff, det er litt rotete her", og så er det to sofaputer som er på skeive. Andre kan unnskylde rotet, og du kan svare: "så godt at det ikkje berre er meg", men så tenker du: "så godt at det ikkje er meg".

Ei veninne, som no og då slit med liknande problem som eg, fortalte for litt sidan om noko ho hadde lest på nettet. Ho var ganske så oppglødd, og klarte å smitte meg også, sjølv om eg vanlegvis ikkje oppdaterer meg på amerikansk sjølhjelpssvada, og ikkje ho heller. Ideen er ikkje så revolusjonær, men opplegget er faktisk nokså provoserande. Altså, når det er ryddig rundt deg blir det ryddig i hodet. Jada, jada, det er sant det. Målet, som er ein ryddig heim og eit balansert indre, skal oppnås gradvis, kvadratmeter for kvadratmeter ved hjelp av "Decluttering". Først skal ein skure kjøkenvasken, neste steg trur eg var kjøleskapet osb, osb, osb. MEN, det du har rydda skal du halde slik, ny vaskefille kvar dag, halde kjøleskapet ryddig og reint. Alle som er nokonlunde normale forstår kvar haka er. Dette er berre snikinnføring av patriarkiet, etter alt det våre formødre har kjempa. Nei, amerikanarane kan ha det for seg sjølv.

Men, eg likar ordet "Decluttering". Ryddar eg badet, kjøleskapet eller ei skuff kan eg seie at det er "Decluttering", straks meir viktig enn å rydde. Etterpå set eg meg ned, ser på alt det ryddige, og klappar meg på skuldra, og belønner meg sjølv med ei avis og ein kaffikopp, som får stå igjen på bordet.