Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

søndag 24. april 2011

Når familielivet ikkje styrer påska

Det er mange skilsmissebarn, barn som må takle ein litt omskifteleg kvardag. Det er ei veke her, ei veke der, ein onsdag her, ei helg der, og ein del andre kreative variantar. I tillegg er det søsken, stesøsken, bonussøsken, foreldre, foreldra sine (utskiftbare)kjærestar, besteforeldre, eit par ekstra sett av slike og så bortetter. Korleis barna takler ein slik kvardag er nok litt ymse, men vonleg klarer foreldra å påføre barna sine minst mogleg traumer ved å kanskje ligge litt i forkant og å sjå fallgruvene som kan kome og unngå dei.

Eller, dei aller fleste foreldre, og eg vil påstå foreldre som skal dele på omsorga til dei same barna i to ulike hus, dei slit. Det er mykje som skal hugsast, organiserast, hjelpast med, snakkast om osb., både med barna, den andre vaksne og alt som inngår i skule og fritid, og det er tidsfristar.... Det er nett som det er at det går litt fort i svingane, og noko forsvinn alltid, både av tankar, avtalar, og plagg. Sjølvsagt er det ikkje slik at eg unnskylder oss, men kanskje eg ber litt om forståing. ;-)

Det som kanskje ikkje er like mykje omtalt som barna sin omskiftelege kvardag er foreldra sin kvardag som kan vere minst like omskifteleg. Frå til dømes å følgje opp lekser, barna sine vener, fritidsaktivitetar, lage middag, gå på søndagstur den eine veka, til å, ja rett og slett ikkje ha så mykje fast den andre veka, er ganske så kontrastfyllt. Den eine helga er det pizza, tacos og lørdagsgodt, og den neste er det venner, vin og sang. I feriar er kanskje kontrastane enda større, og for mitt vedkommande har påska eigentleg vore ganske slitsam. Trur ikkje eg treng å gå i detalj, men det har vore mange seine kveldar for å seie det slik.

Det er mange som seier til meg er at eg er heldig som har så mykje tid for meg sjølv, og det er jo riktig, eg er jo heldig som har så mykje tid for meg sjølv, for andre fulltidsforeldre kan det rett og slett høyrast ut som ein draumetanke. Men, er det nokon som ikkje er i same situasjon som forstår at det å vere i sitt eige selskap i timesvis også kan vere ei utfordring? Eg trur heller ikkje mange tenkjer så mykje over i kor stor grad familielivet styrer tida vår. Når ein har så mykje tid som ein skal fylle, så må ein i alle fall ha ein del ulike aktivitetar å fylle den med.

No er det slik at eg har ein del som eg liker å styre med, men å gjere heimen sin om til eit fjernsynskjøkken når det berre er meg sjølv som et er til dømes ein motstridande tanke. Å gå på tur aleine har til no vore ei kneik, men den er forserbar. Å lese bok er kjekt, men det blir fryktelig stille i lengda.

Men, eg har faktisk trua på at min forholdsvis nye situasjon er bra. Eg kan utfordre vanar, tankar og aktivitatar på ein heilt anna måte enn når familielivet styrer. No har eg til dømes kjøpt meg nye ski, og dei har eg planar om å bruke aktivt. Det er mykje positivt som kan skje, om eg ikkje druknar på Norrøna eller råtnar framfor PC-en.

2 kommentarer:

  1. Flott skrive, Kari! (Deler av dette er svært kjent). Bortsett frå at eg ikkje hadde ein far som tok over, altså! Sats på skia, du! Åslaug

    SvarSlett
  2. Veldig bra Kari :) Godt skildra og eg kjenner meg godt igjen i kontrastane du beskriv, det er eit intervall mellom full fart og for lite timar i døgnet, til veker som kan følast tomme og at tida går seint. Syns det e fint du sette ord på det, og det på en veldig bra måte :) Eilis

    SvarSlett