Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

lørdag 26. februar 2011

Fy f... så stygg han er


Eg sit her og ser på framsida til Morgenbladet som er via Libya og Muhammar al- Gaddafi. Han har regjert i landet sidan 1969, og no skal han endeleg gå av, ja han skal det. Biletet frå 1969 viser ein filmskodespelar-pen ung mann. I augene ser eg styrke, besluttsomhet, idealisme. Biletet frå 2011 viser biletet av ein stygg, gammal, herja mann. I augene les eg ondskap og staheit. Styrken er der framleis, men idealimen er borte.

Ser han sitt eige fall? Frå å ha elska Libya har han no gått laus på sitt eige folk. Han har opna krig mot demonstrantane som framleis elskar landet sitt, men som no krev demokrati. Muhammar al- Gaddafi har styrt landet med hard hand, han har bestemt, har blitt rik og velståande. Kva med folket? Det har aldri vore for folket han har styrt for, sjølv om det kanskje var intensjonen å skape eit velfungerande samfunn med eit folk i velstand. Folk i Libya er ikkje rike, men sterke nok til å velte diktatoren. Han tok sjølv makta gjennom revolusjon, Kong Idris vart avsett med kupp. No er det folket som på liknande vis prøver å få diktatoren til å gå av.

Eg sit her i stova og heiar. Klart det må bli demokrati i Libya og alle dei andre landa i Midtausten. Likevel veit eg at kva som skjer framover er det ingen som veit. Likevel heiar eg, og eg blir faktisk rørt av å sjå så mange kjempe for landet sitt, med livet som innsats. Kontrasten til Noreg er stor, vi er blasse, uengasjerte, fordomsfulle. Det er lenge sidan vi har kjempa. Dei som styrer vårt land blir i beste fall omtalt positivt samanlikna med det som er verre, i verste fall ignorert. Jens Stoltenberg har til tider fått like mykje merksemd som privatperson som politikar. Kva bryr vi oss eigentleg om?, eg inkludert. Eg også synest at Jens er like sjarmerande som Gaddafi er stygg.

Eg vil avslutte med bestemor mi som introduserte det politiske spelet for meg ein gong på 80-talet: "Eg kan ikkje forstå korleis Kåre Willock kan bli ein god statsminister, han som har så lite hår."

torsdag 24. februar 2011

Kjære Karl Ove Knausgård

Tusen takk for følget så langt. I dag vart eg ferdig med bok nr. 5 av din kamp. Bok nr.6 lar vente på seg, du sit vel no og finpussar på den, eller kanskje verknadane av prosjektet ditt til slutt har stoppa opp prosessen din? Dette vart ein fin overgong til noko eg har tenkt på ein del. Korleis er livet etter at store delar av befolkninga veit nesten alt om deg? Ja, kva som er sant og kva som ikkje er sant veit ikkje eg, men det veit vel ikkje andre heller. Det er no uansett så rart med det, eg synest at eg har blitt kjend med deg, på godt og vondt. Ja, ikkje misforstå, eg har likt å føgje deg, og eg set pris på bekjentskapen. På sett og vis føler eg no at eg kjenner deg betre enn eg kjenner meg sjølv.

Det er eit svært paradoks for meg at ein så privat og sjenert mann, som du synest å vere/har vore, lar alle få vite. Det er jo forskjel på å vere personleg og privat, og det verkar som om du har problem med å vere personleg, men ikkje privat. For meg er det motsett, og heilt sikkert for mange fleire. Men, her er mistanken min, eg trur eigentleg at det ikkje er slik. Eg trur eigentleg at Karl Ove Knausgård er ofra på kunstens alter.

Om det er slik, så takkar eg deg for offeret. Det er herleg befriande med folk som seier det som det er, utan å pynte på og male med pastellfargar og glitterlim. Det er rett nok mange som er ofra på dette alteret som ein del av din kamp, men det måtte vel til. Eg har forresten tenkt at eg er sjeleglad for at eg aldri møtte deg som student i Bergen, trur eg hadde døydd av skam om eg hadde blitt beskrive som ei til dømes uinteressant jente frå Sunnfjord som studerte sosiologi og trudde det var viktig og tungt. Kanskje du hadde sett alle feila mine og tabbane som eg febrilsk prøver å skjule så godt eg kan?

Men, kva med deg Karl Ove? Blir du ikkje paranoid og sjukeleg sjølvsentrert av denne prosessen? No er ikkje eg psykolog, men eg har jo lurt på om eit slikt prosjekt der ein går inn i alle krikar og krokar av fortid og notid er direkte skadeleg. Å ikkje sjå seg tilbake er kanskje strategien til fleire enn meg, og vi lever godt med det. Vel, det er jo ein del som på mange ulike sett driv og rotar i sjelelivet sitt ved hjelp av psykologar, klarsynte, meditasjon eller berre ved hjelp av venneprat. Eg har rett nok fundert ein del på om dette er berre av det gode også, men di sjelegransking er jo for heile verda, nesten i alle fall.

Men, eg vil at du skal vite dette. Sjølv om eg har blitt frykteleg sint, flau, opprørt og frustrert, så har du pirra nysgjerrigheita mi, vist meg nye sider av meg sjølv- spegla i mange av dei personane eg har lese om, deg inkludert. Du framstår som ein heilstøypt mann, rett nok tidvis utan ryggrad, men du angrar i alle fall- det veg ein del opp for meg. Det har vore interessant å følje eit liv, og reflektere over kva det er som formar oss, gjer oss til dei vi er.

No tenkjer du kanskje, om du nokon gong les dette :-), - eg har vel aldri bedt om ein karakteristikk? Men, det gjeld vel fleire. Her er litt til; eg ser at du blir omtalt som pen. Ja, kanskje det, men ikkje søt-pen, meir varg-pen...om du skulle lure.

mandag 14. februar 2011

Flink pike

I dag skal eg på trening, eg skal vere flink. Er det ikkje kjekt å trene då, spør du kanskje? Jo, det er jo det, men det er andre ting som er kjekt også. Eg synest til dømes at det er kjekt å sjå på tv, lese og ha god tid til å drikke kaffi. Det er eit par aviser her eg skulle ha lese, og så er det den boka til Knausgård som ligg og fristar. Når klokka er mange nok kallar pliktene også, og då er det jo noko som eg gjere. Viss eg trener, skal det då gå ut over det eg vil gjere eller det eg må gjere?

Slik driv eg og tenker og vurderer og måler, sjølv om eg er overbevist om at det er kjekt/bra å trene. Eg må nok innrømme at sofaen ofte er meir fristande, og då hender det nok at eg finn på ein del unnskuldingar for å rettferdiggjere vala mine. Men, eg får dårleg samvittigheit likevel . Eg får dårleg samvittigheit om eg trenar for lite, om eg les for lite, om eg kastar bort tida mi på tv og anna,- og det gjer eg ofte. Sulling, det er noko eg er ekspert på.

Ta dagen i går til dømes. Den fine sola ute, nydeleg vær. Kva gjorde eg med det? Ingenting, eg berre sulla rundt her heime. Då er det vel reint og fint her då? Neida, ikkje det heller. Fredagsvasken vart til laurdagsvask som vart til søndagsvask, som kanskje skal bli til mandagsvask. Flink pike? Ja, det skal eg vere i dag. Eg skal henge opp vasken, eg skal vaske golva, eg skal rette prøvebunken, og eg skal trene. Ja, om eg får tid sjølvsagt, for først skal eg drikke kaffi og lese avisa.

fredag 11. februar 2011

Lukke

Lukke, kva er det? Det er noko som vi alle higer etter, som ein usynleg målestokk som vi måler liva våre opp mot. Vi vurderer andre, lurer på om dei er lukkelege, eller om det berre er utanpå at det ser så kjekt og harmonisk ut. Det er mange teoriar på kva lukke er, og kva det er som gjer ein lukkeleg. Likevel er det vel kvar og ein av oss som kjenner meir eller mindre definerte kjensler av lukke.

Eg trur at vi på mange måtar er for opptekne av at vi skal kjenne slike gode kjensler for å definere liva våre som bra, vellukka, interessante, spanande, lukkelege. Kanskje det er i takt med desse krava at mange av oss kjenner at vi ikkje klarer å leve opp til den standaren som vi set for oss sjølve, som vi speglar i dei vellukka liva til dei rundt oss.

Samtidig trur eg at vi på mange måtar er "vår eiga lukkes smed", at vi med måten å tenkje på, dei vala vi tek, rett og slett innstillinga vår til livet i stor grad styrer korleis vi har det. Korleis møter vi dagen? Korleis møter vi dei rundt oss? Let vi oss sjølve få lov til å gjere det vi vil framfor det vi "må" utan å få dårleg samvit?

Ta dagen på sparket, gå på kafè, et den sjokoladen, inviter ein nabo på kveldsmat. I tillegg, legg planar. Eg trur at det er viktig å ha noko å glede seg til, då har vi noko kjekt å sjå fram til. Det verkar i alle fall for meg. No gleder eg meg til eg skal ut i kveld på Rokken med kjekke damer, ete sushi på hotellet i morgon med like kjekke og greie folk, dra til Oslo i vinterferien og besøke ei svært gjestfri svigerinne, og dra til Hellas i sommar med barn og tantebarn, bror og svigerinne. No driv eg og planlegg at eg skal ete ein konfektbit når eg er ferdig med å skrive dette.















Er eg lukkeleg? Det hjelper i alle fall på. :-)

mandag 7. februar 2011

Helgekos

I helga var vi så heldige å ha besøk frå Sverige. Anne Mari er også ei kjempekoselig tante. Denne tanta er noko for seg sjølv. Ho er kjempesnill og veldig tilstade for ungane. Marie og Johannes likar ho veldig godt. Sidan tante Maja bur i Gøteborg er det ikkje så ofte vi ser ho. Likevel er kjemien der med ein gong.

Ungane laga fine fugleteikningar til ho på fredag, rett og slett fordi ho sa ar ho likar fuglar. Superspennande med hemmeligheit på loftet etter middag.

I helga har vi berre vore sammen, ete god mat, snopa, spelt spel, sett på film i lag og prata. Det er ingen betre måte å samle krefter enn å "henge" med folk ein er glad i. Takk for besøket Anne Mari.

Klem frå Kari, Marie og Johennes. <3

onsdag 2. februar 2011

Å starte ein blogg

Eg har prøvd meg som bloggar i helga, rett nok som gjestebloggar, men likevel. Det var kjekt å skrive, og då tenkte eg at kanskje eg også kan.

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.