Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

onsdag 2. februar 2011

Å starte ein blogg

Eg har prøvd meg som bloggar i helga, rett nok som gjestebloggar, men likevel. Det var kjekt å skrive, og då tenkte eg at kanskje eg også kan.

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

3 kommentarer:

  1. Jippi, Kari!!! Velkomen til "blogglandia"! Dette blir kjekt, skjønar du! Så tøff den grøne skrifta di var! Fann du den inne på blogspot, eller har du tilgang til meir avanserte greier?

    SvarSlett
  2. Fann alt her, men skrifta er ikkje grøn lenger. :-) Her skjer det nok forandringar framover.

    SvarSlett
  3. Lykke til med bloggingen :) :)

    SvarSlett