Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

mandag 7. februar 2011

Helgekos

I helga var vi så heldige å ha besøk frå Sverige. Anne Mari er også ei kjempekoselig tante. Denne tanta er noko for seg sjølv. Ho er kjempesnill og veldig tilstade for ungane. Marie og Johannes likar ho veldig godt. Sidan tante Maja bur i Gøteborg er det ikkje så ofte vi ser ho. Likevel er kjemien der med ein gong.

Ungane laga fine fugleteikningar til ho på fredag, rett og slett fordi ho sa ar ho likar fuglar. Superspennande med hemmeligheit på loftet etter middag.

I helga har vi berre vore sammen, ete god mat, snopa, spelt spel, sett på film i lag og prata. Det er ingen betre måte å samle krefter enn å "henge" med folk ein er glad i. Takk for besøket Anne Mari.

Klem frå Kari, Marie og Johennes. <3

1 kommentar:

  1. Det var så kjekt å vere saman med dykk og. Det er lett å kose seg saman med folk eg er glad i. Takk for god service, lange og fine samtalar til langt ut på natta og fine teikningar. Eg gledar meg til neste gong! Stor klem!
    Anne Mari

    SvarSlett