Om å skrive blogg

Dagbok har eg ikkje skrive sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og dette er kanskje litt i same leia. Det einaste skilnaden er vel at andre kan lese i dagboka mi no. Før var dagboka mi hemmeleg, men det som stod der vart ofte delt med venninnene, helst ei om gongen. Eg trur kanskje det er dit eg vil, dele tankar om litt av kvart, for dei som har lyst til å følgje meg.

mandag 2. januar 2012

Nyttårsforsett

Eg har ei kjensle av at mange vegrar seg for nyttårsforsett. Ein har kanskje erfaring med at ein ikkje klarer å følge opp, og då blir berre dei gode forsetta til dårleg samvittigheit. Å ha dårleg samvittigheit er sjølvsagt ikkje kjekt...

Å gjere opp status på nyåret er ein god metode for meg. Det er tid for ettertanke og kanskje litt nytenking. Det er faktisk litt som eg har tenkt eg skulle ha gjort noko med, eg er liksom ikkje 100% fornøgd med "tingenes tilstand".

Fokus på eigen person er vel det nyttærsforsett handlar om, og kanskje er det litt" navlebeskuande" med nyttårsforsett, men det treng jo ikkje å vere det, ein kan jo prøve å vere meir for andre.

Er nyttårsforsett privat? Det er jo kanskje det, men om det er berre du som veit kva dine er så er det jo lettare å ikkje få det til? For meg fungerer det å gå høgt ut, trur eg, det forplikter at eg har sagt det høgt, at andre veit. Samtidig er det jo litt dumt om ein i tillegg til å skuffe seg sjølv om ein ikkje får det til, må vere nødt til å få dobbel dose gjennom andre sine kommentarar. Då gjeld det å ha gode venner.

Å blogge om nyttårsforsett er nok i så måte ganske dristig, men eg vel å halde fana høgt..., eg er kanskje modig då, og det er også eit av mine nyttårsforsett.

For å ikkje tryne skal forsetta mine vere oppnåelege, lystbetonte og kjekke, stort sett.

Her kjem dei:

Eg skal halde fram med å lese gode bøker, men eg skal ikkje lese ut dei eg ikkje likar.

Eg skal ete god mat, drikke vin og ete sjokolade, men kanskje ikkje kvar dag. Det er viktig å ikkje vere fanatisk her.

Eg skal lage god mat, for eg har ikkje tenkt å legge på meg av fiskepinnar.

Eg skal ikkje sjå på TV for å bruke opp tid, men sjå det eg faktisk har lyst til å sjå.

Eg skal bli ein betre lyttar, slik Lars lærte oss, der har eg utviklingspotensiale.

Eg skal vere modig, ikkje redd for å seie meiningane mine, men ikkje på ein sårande måte sjølvsagt.

Eg skal PRØVE å ikkje utsetje alt, men vere i forkant av situasjonen. Planlegging er stikkordet.

Eg skal invitere på middag og sosiale samkome, og eg LOVAR å ikkje føre rekneskap.

I tillegg skal eg, litt vanskelig, prøve å vere positiv, ikkje grave meg ned i mine eigen grøfter, men ei utblåsning no og då MÅ eg ha.

Det viktigaste: Eg skal vere SPORTY, det er den viktigaste lovnaden eg gir meg sjølv i år, og det eg har mest lyst til å få til. Eg skal trene mykje, og til og med føre treningsdagbok. Eg er godt i gang, og det er KJEKT, i alle fall til no. ;-)

Vel, no har eg sagt det, så no må eg! Ikkje ver ekkel med meg no om eg ikkje får alt til, men det er vel lov å prøve.

3 kommentarer:

  1. Flotte nyttårsforsetter, Kari. Hva med å dele tanker litt oftere, som et tillegg til listen..?

    SvarSlett
  2. Takk for det, Lise. Ja, kanskje det. :-) Eg har hatt litt pauser, men det er viktig at bloggen ikkje skal vere noko som eg MÅ, men berre kjekt. Av og til går det for fort i svingane her.

    SvarSlett
  3. Ja, modig er du. Trur ikkje eg er like modig, så dette har du nok ikkje frå meg. Mange gode forsett som også kunne vore mine. Har forresten invitert folk til fredag, så eg er i gang. Skal helst vere ferdig med ei bok til i morgon. Slik han eg halde fram, så kanskje eg også skulle skrive ned og ikkje berre seie det inni meg. Lukke til. Skal ikkje vere kkel med deg. Trur du greier dette. Mamma

    SvarSlett